Sjøsamar

Sjøsamar er ei gruppe samar som tradisjonelt har halde til ved kysten av Nord-Noreg.

Dei livnærte seg gjennom fiske, fangst, sanking og jordbruk, særleg husdyrhald. Mange var også snikkarar og smedar, og nokre var båtbyggjarar.

Sjøsamar
Ivar Samuelsen, ein sjøsame frå Finnmark fotografert i 1884 av prins Roland Bonaparte.
Sjøsamar
Sametingspolitikaren Geir Tommy Pedersen er sjøsame og fiskar.

Område

Ein reknar som regel sjøsamar som busette frå dei nordlegaste delane av Nordland og langs kysten til Varangerhalvøya er blitt rekna som sjøsamar. Dei fleste bur i Tysfjord eller langs fjordar i Troms og Finnmark. Det finst også sjøsamar i skoltesamiske område like sør for Varangerfjorden, og tidlegare på Kolahalvøya og på begge sider av Bottenvika. Nokre forskarar meiner også at ein tidlegare fann sjøsamar så langt sør som Trøndelag. Sjøsamar tok del i hanshandelen i Bergen, både med handelsvarer og gjennom jektebygging.

Sjøsamar dreiv lenge med sesongflytting mellom fleire faste buplassar. Observasjonar tyder på at dei kunne ha opptil fire ulike buplassar før 1700-talet, to på 1700- og 1800-talet, før dei blei heilt fastbuande på 1900-talet.

Fordi det var i sjøsamiske område at nordmenn sørfrå slo seg ned, blei sjøsamane raskare assimilerte og mista fleire av dei gamle tradisjonane sine enn innlandssamane. Bruk av samisk forsvann gradvis frå sjøsamiske område, særleg etter andre verdskrigen. Det var lenge knytt meir skam til å vera sjøsame enn til det å vera innlandssame, og identiteten blei ofte tagd om. Denne «samiske skamma» skal ha endra seg i løpet av den siste generasjonen, og frå midten av 1990-åra er det blitt meir populært å rekna seg som sjøsame.

Kultur

Sjøsamar har snakka fleire samiske språk, som lulesamisk og ulike dialektar av nordsamisk. Svært mange har i dag norsk som morsmål.

Grene (rátnu) er eit ullteppe som sjøsamar har vove gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt. Dei blei også selde både sør i Bergen og nord, særleg i Skibotn og Bossekop. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør. Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.

Sjøsamisk Tun i Smørfjord på vestsida av Porsangerfjorden er ein rekonstruert buplass frå tidleg på 1900-talet. Holmenes sjøsamiske gård i Kåfjord er ein sjøsamisk gard frå 1700- og 1800-talet som høyrer til Nord-Troms Museum.

Riddu Riđđu-festivalen, skipa i 1991, har bidrege til å skapa blest om og positive haldningar til sjøsamisk kultur. Sjøsamisk kompetansesenter i Porsanger blei skipa i 2002.

Kjende sjøsamar

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Sjøsamar OmrådeSjøsamar KulturSjøsamar Kjende sjøsamarSjøsamar Sjå ògSjøsamar KjelderSjøsamar BakgrunnsstoffSjøsamarFangstFiskeHusdyrJordbrukKystNord-NoregSamarSankingSmedSnikkar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ColombiaSissel KyrkjebøHonoluluSneppålGeitetårnIslandFinancial TimesWayback MachineTjeldWillie NelsonOrkidéfamilienApp StoreK2LuminansMakrofagChampions LeagueThe Star-Spangled Banner26. marsGammel drømAfghansk myndeYour Latest TrickOle PausMuterKeisarkanalenKristopher Schau1435Steven WeinbergIngmar BergmanKvigeLangfredagsfjæreSkjærtorsdagKilkísLeonid BrezjnevNikita KhrusjtsjovInstagramNamnedagUTCSamvirkelagCarl Philip av SverigePotetAserbajdsjanRichard Francis BurtonProfessor emeritusWarszawaSein juraDorsetOn Every StreetLady WriterMogopLillaDet britiske kongehusetUngarnMolde kommuneWilliam ShakespeareRockabillyHelena Dam á NeystabøOnly Love SurvivesChileLatviaHeaven for EveryoneArménioRódos byMaginotlinaVM i friidrett 2023An-MagrittElgantilopeThe GuardianAl-BattaniVierfamilienLangfredagDen guddommelege komedieBrennverdiBolsjevikBrothers in Arms av Dire StraitsAndre verdskrigenHanamiJesu sju ord på krossenKelly ClarksonOs kommune i Hordaland🡆 More