Emil Ráste Nikolavu Karlsen (fødd i 1997) er ein norsk samisk kunstnar, artist og skodespelar frå Storfjord i Nord-Troms.
Karlsen er vokalist og gitarist i poprock-bandet Resirkulert og har ei solokarriere under kunstnarnamnet Emil Kárlsen. Han vart vald som Riddu Riđđus unge kunstnar i 2019.
Emil Kárlsen | |||
| |||
Instrument | vokal, gitar | ||
---|---|---|---|
Verka som | musikar, songar, gitarist | ||
Prisar | Årets unge kunstner |
Karlsen er sjøsame og oppvaksen i Oteren i Storfjord kommune. I vaksen alder lærte han seg å joike og gav ut ein joik til bestefaren sin i 2018 som han òg framførte på Nordlysfestivalen.
I 2021 gav han ut albumet Nágirvárrái saman med artisten Lávre. Der deltek òg andre samiske musikarar som Katarina Barruk, Ulla Pirttijärvi og Hildá Länsman.
Karlsen debuterte òg som skodespelar i 2021, då han spela Jussi i Beaivváš Sámi Našunálateáhter si oppsetjing av Koke bjørn, basert på boka av Mikael Niemi. I 2023 spela han hovudrolla i stykket Bjørnejegeren Ol-Tomså, også dette hjå Beaivváš.
Med Resirkulert:
Soloalbum:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Emil Karlsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.