Sigurd Allern (fødd 5.
september">5. september 1946) er ein norsk journalist, politikar og medieforskar, fødd i Sandnessjøen. Allern var ansvarleg redaktør for Klassekampen i to periodar, 1969–1972 og 1979–1995. Han er mag.art. i sosiologi frå Universitetet i Oslo (1974) og dr.polit. i medievitskap frå Universitetet i Bergen (1997). I 2003 vart han den fyrste professoren i journalistikk ved Universitetet i Oslo. Sidan 2007 har han òg vore professor II ved Høgskulen i Volda, og i 2008 fekk han som fyrste nordmann eit gjesteprofessorat ved Universitetet i Stockholm. Frå 2003 til 2006 arbeidde han som forskar ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad.
Sigurd Allern | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. september 1946 (77 år) Sandnessjøen |
Yrke | politikar, professor, redaktør, journalist |
Politisk parti | Raud Valallianse |
Ektefelle | Hilde Haugsgjerd, Ester Pollack |
Sigurd Allern på Commons |
Sigurd Allern vart fødd og voks opp i Sandnessjøen, som son av Edith Berg Allern og Ole Allern. Han vart sidan ein sentral person i oppstarten av Arbeidernes Kommunistparti, AKP(-ml), på byrjinga av 1970-talet, og han var leiar frå 1973 til 1975. På same tid var han leiar av Raud Valallianse, som på den tida fungerte som valfronten til AKP(-ml), fordi Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti hadde hindra AKP å stille til val i eige namn, med referanse til namnelikskapen. Tidlegare hadde han vore leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund (1967–1968).
Sigurd Allern har også skrive fleire bøker, mellom desse Kildenes makt (1992), Når kildene byr opp til dans (1997), Flokkdyr på Løvebakken? (2001) og Nyhetsverdier (2001).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sigurd Allern, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.