Sexsymbol

Sexsymbol er ein kjend person som er rekna som særs seksuelt tiltrekkande og glamorøs.

Sexsymbol
Marilyn Monroe var eit sexsymbol kjend frå Hollywood
Sexsymbol
Elvis Presley, rockestjerne og sexsymbol.

Historie

Omgrepet sex symbol oppstod på engelsk på 1950-talet for å forklara populariteten til visse filmstjerner, som Marilyn Monroe og Brigitte Bardot. Liknande kvinnetypar kan førast tilbake til eldre uttrykk som vamp og femme fatale. Men det nye omgrepet kan sjåast i samanheng med endringar i kjønnsroller, seksualitet og andre samfunnsnormer som fann stad i USA og andre stader i etterkrigstida.

I tillegg til ei rad kvinner kan ein også finna mannlege sexsymbol frå heile 1900-talet, som skodespelarane Sessue Hayakawa, Douglas Fairbanks og Rudolph Valentino på 1910- og 1920-talet, Errol Flynn, Gary Cooper og Clark Gable på 1930-talet, Kirk Douglas, Burt Lancaster og Cary Grant på 1940-talet og «rebellar» som Elvis Presley, James Dean og Marlon Brando på 1950- og 1960-talet.

Oppdikta sexsymbol

Sexsymbol treng ikkje vera verkelege personar. Teiknefilmfiguren Betty Boop frå 1930-talet er blitt kalla det første og best kjende sexsymbolet frå animasjonsfilmen. I Who Framed Roger Rabbit frå 1988, som inneheld både animerte og verkelege skodespelarar, blir Jessica Rabbit (med røyst av Kathleen Turner) presentert som eit overveldande sexsymbol. I data- og videospel finst òg ein del figurar som er blitt oppfatta som sexsymbol, til dømes Lara Croft.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Donna Leigh-Kile, Sex Symbols, Random House Inc, Aug 28, 1999, ISBN 188331951X

Tags:

Sexsymbol HistorieSexsymbol Oppdikta sexsymbolSexsymbol Sjå ògSexsymbol KjelderSexsymbol BakgrunnsstoffSexsymbolKjendisSeksualitet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lille Petter EdderkoppDet skeive tårnet i PisaWayback MachineLinda MedalenVaktelMånenValladolidLohengrin sjokoladeJern27. marsPeter Wessel TordenskjoldEarl ScruggsPåskehareAleksander I av RusslandJoakim Harestad HaukaasLen i SverigeSjukehusKorinthíaRabagastBaltimoreSionØresundbruaIsraelDen normanniske erobringa av EnglandStratovulkanKanye WestIALA maritime bøyesystemBukspyttkjertelenTjøttaHadjKelly ClarksonFilippo TuratiMesse i musikkAnne HoltErik AndersenElizabeth II av StorbritanniaWiki CommonsSandsøy i TysnesThessaloníkiValderøyaNils GaupSjøfartGöteborgAutoritetsdataSkulemål i RogalandPuddelrockLynsjakkNéa MádytosWikinewsErling SkakkeSatyajit RayISBNFloyd CramerLockheed F-104 StarfighterLungebetennelseNazismeRegionar i FrankrikeInnsjøar i SkottlandLindisfarne klosterIndonesiaHenrik IbsenMorfinUS AirwaysVladimir PutinTuonela-svanaPintTrøffelMarianneVelkomstDu FuKnuskkjukeSionistFreddie MercuryPåskeKristian ØdegårdToyota Motor Corporation🡆 More