Sererfolk

Sererfolk (også sereer, seereer, serere, sérère, sereeri, sarer og kegueme) er ei folkegruppe frå Vest-Afrika.

Dei utgjer den tredje største folkegruppa i Senegal, der dei utgjer 17 % av befolkninga. De finst også i Nord-Gambia og Sør-Mauritania.

Sererfolk
Sererfamilie tidleg på 1900-talet

Historie

Sererane har opphavet sitt i Senegambia eller Mauritania. Senegambia er eit historisk namn for ein region i Vest-Afrika mellom Senegalelva i nord og Gambiaelva i sør, motsvarande dagens Senegal og Gambia.

Ein teori er at dei kom frå Kaabu (Ngabou) i Casamance (eit område i Senegal sør for Gambia som omfattar Casamanceelva) for cirka 400 år sidan etter ein borgarkrig som følgde døden til ein framståande konge. Dei som tapte krigen flykta forbi Foni over Gambiaelva og busette seg til slutt i Mbissel i dagens Senegal. Soninke-Marabout-krigane (1850–1856) fordreiv dei nok ein gong og nokre tusen flyktningar kom så etter kvart til Barra og seinare Banjul, som ligg på kvar si side av utløpet til Gambiaelva.

Ein annan teori er at dei opphavleg kom frå territoria nord for Senegal (truleg i området rundt Senegalelva, som er ei naturleg grense mellom Senegal og Mauritania), men blei tvinga av sterkare makt til å flytta til Futa Toro i Senegal (eit område rundt midtdelen av Senegalelva), der dei kom under dominans av folkegruppa tukulor. Seinare, rundt 1100-talet, tvinga wolof-folket dei til å flytta sørpå til Sine-Saloum. Der etablerte dei små distrikt som seinare blei utvida til å omfatta dagens gambiske distrikt Wuli og Niani, men Sine-Saloum kom til å bli styrt av mandinka-folket. Sererane sine tradisjonar, kultur og samfunn fekk likevel så stor tyding at mandinka-folket i desse områda absorberte språket, skikkane og kulturen deira. Sine-Saloum er ein region i Senegal, nord for Gambia og sør for Petit Côte. For lenge sidan låg dei serer-grunnlagde, rivaliserande kongerika Sine og Saloum her.

Sererfolk 
Eldre mann (serer), prospektkort frå Senegal, tidleg 1900-tal.
Sererfolk 
Kongegrav, prospektkort frå Senegal, tidleg 1900-tal.

Samfunn

Sererfolk 
Sverd tilverka av serer-folket i Senegal, frå Världskulturmuseets samlingar. Frå Kolonialutställningen i Gøteborg 1931.

Opphavleg levde sererfolk i eit klasselaust samfunn. Dette gjekk over til å få ein sosial struktur med fem samfunnsklasser etter at mandinka-folket erobra delar av Vest-Afrika (inklusive Senegal og Gambia) frå 1500- til 1800-talet. Øvst i hierarkiet var den herskande adelen, med blodband til mandinka-folket. Under adelen hadde ein tyeddo (krigarar) som omgav adelen. Den tredje klassa var jambur, dei frie borgarane (bøndene). Under desse igjen vart fanst ei gruppe lågare klasser baserte på yrke; handverkarar (inklusive smedar, vevarar, juvelerarar, lêrarbeidarar og snekkarar) og musikarar (griotar, som heldt den munnlege tradisjonen levande gjennom song og musikk). Til slutt, lengst ned i hierarkiet, hadde ein slavane, dels lokale folk fødde av slavar, dels folk som var kjøpte på slavemarknader eller var blitt fanga i krig. Strukturen finst til ein viss grad òg i dag.

Næring

Tradisjonelt har sererane vore kjende for jordbruk (hirse, ris og fleire andre vekstar, mellom anna tre), men har også drive med fiske, båtbygging og dyrehald (storfe, får og geiter). Handelen er velutvikla og blir driven på marknader.

Språk og demografi

Sererane kan delast inn i to hovudgrupper - dei som snakkar serer (serer-sine) og dei som snakkar nokre av cangin-språka. Serer, som er nært i slekt med wolof, fulfulde og temne, er det største og blir snakka av dei tre undergruppene seex (seeh), niominka og jegeem. Seex er den største av desse undergrupper og blir funne i heile Senegambia-regionen og i Mauritania. Cangin blir tala i eit lite område aust for Dakar i Senegal, av dei fem undergruppene saafi (språk: safen eller saafi-saafi), ndut (språk: ndut), noon (språk: noon), waro (språk: palor eller sili-sili) og laalaa (språk: lehar eller laalaa). Serer og safen (saafi-saafi) er offisielt anerkjente språk i Senegal. Serer og cangin tilhøyrer begge den atlantiske greina av språkfamilien Niger-Kongo.

Religion

Sererfolk 
Yoonir, symbol for universet.

Rundt 85 % av sererane er muslimar og dei fleste andre er kristne. Sererane motsette seg utbreiinga av islam på 1800-talet. Etter den franskea koloniseringa av Senegal konverterte likevel mange til islam, og på byrjinga av 1910-talet hadde nesten halvparten (ca. 40 %) konvertert. Den tradisjonelle trua på ein universell høgste gudgom kalla Roog (eller Rog) lever att i mindre omfang. Blant cangin-talande sererar har skaparen mange namn, som Koox (Kooht), Kopé Tiatie Ca og Kokh Ko.

Ein av dei viktigaste kosmologiske stjernene blir kalla Yoonir, eit symbol på universut og berre eit av mange religiøse symbol innan religionen og kosmologien til sererane. Ho er den klarast lysande stjerna på nattehimmelen, òg kjend som Sirius eller hundestjerna, og er hovudstjerna i stjernebildet Den store hunden.

Musikk

Sererfolk 
Sabar-trommer ifrå Senegal.

Trommer av ulike slag er eit viktig innslag i senegalesisk og gambisk musikk, bl.a. nder (solotromme), sabar (rytmetromme) og tama (talande tromme; engelsk talking drum).

Sererane er kjende for dei to musikalske tradisjonane njuup og tassu. Njuup er ei religiøs songøving kopla til initieringsriten nduts. Tassu er ein måte å deklamera religiøse vers på.

Innanfor njuup-tradisjonen fekk unge gutar komponera religiøse songar for å få vekk tankane frå den ventande omskjeringa og for å utvikla dei kunstnariske evnene og andelegheiten sin. Njuup er ein forgangar til mbalax, ei form for populærmusikk som oppstod i Senegal på byrjinga av 1970-talet. Mbalax oppstod etter at framståande senegalesiske artistar som Youssou N'Dour (som sjølv er serer) byrja å integrera njuup i dei tidlege verka sine. Andre som har sunge njuup i den reinaste forma si er Rémi Jegaan Dio og Yandé Codou Sèn, som begge har turnert i Europa.

Tassu blei opphavleg berre nytta i reine religiøse samanhengar, men har, som njuup, spreidd seg til populærmusikken.

Sabar er ei tradisjonell tromme frå Senegal som òg blir spelt i Gambia. Det er òg namnet på den musikkstilen som blir spelt med denne tromma. Stilen oppstod i kongeriket Sine og spreidde seg seinare til kongeriket Saloum. Nokre av trommeteknikkane som blir nytta i sabar har opphav i njuup. Ein av dei meste visste utøvarane av denne musikkstilen er den senegalesiske artisten Doudou N'Diaye Rose.

Kjende sererfolk

  • Léopold Sedar Senghor, den fyrste presidenten av Senegal, frå 1960 til 1980
  • Abdou Diouf, den andre presidenten av Senegal
  • Fatou Diome, senegalesisk forfattar
  • Safi Faye, senegalesisk filmregissør og etnologi
  • Laïty Kama, senegalesisk advokat, den fyrste leiaren for den internasjonale domstolen for Rwanda
  • Issa Laye Thiaw, senegalesisk historikar og teolog
  • Alioune Sarr, senegalesisk historikar og politikar
  • Isatou Njie-Saidy, gambisk visepresident
  • Alieu Ebrima Cham Joof, gambisk historikar
  • Yandé Codou Sène, senegalesisk griot og musikar
  • Youssou N'Dour, senegalesisk musikar
  • M'Baye Leye, senegalesisk fotballspelar
  • Mame Biram Diouf, senegalesisk fotballspelar
  • Robert Diouf, senegalesisk brytar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Sererfolk  Commons har multimedium som gjeld: Sererfolk

Tags:

Sererfolk HistorieSererfolk SamfunnSererfolk NæringSererfolk Språk og demografiSererfolk ReligionSererfolk MusikkSererfolk Kjende sererfolkSererfolk KjelderSererfolk BakgrunnsstoffSererfolkFolkegruppeGambiaMauritaniaSenegalVest-Afrika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SunnhordlandsdialektMøre og Romsdal fylkeSjølvstendeAndre verdskrigenNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973RepublikkEritreaLeksikonAlf-Inge HålandNorske kommuneblomarTysklandNordland fylkeKrigChristianiaLuciano PavarottiFaryngittMolde kommuneHypertrofiPodsolDamplokomotivDogs av Pink FloydHardingdialektØrsta kommuneSola kommuneOverarmsbeinMaiMauritaniaFrozenHarry HoleLamíaFRIKAR dance companyLangnebbparakittNorsk fonologiDurgaPortugisiskHellasKirkenærPeriferieininga KardítsaAfrikaEngelskVaterbordHarry PotterHomogeniseringJerpeThe Times of IndiaPeter GabrielAustraliaDanmarkAudrey HorneFeilslutningDesta Marie BeederDet tredje riketPanserbataljonenByar i HellasFylkesveg 751ImperialismeAsker kommuneMarit BjørgenMiddelhavetGeostasjonær baneVik kommuneSkiáthosDen norske språkstridenSamleieERígas Feréos i Magnisía🡆 More