Griot er ein tradisjonell skald i vestafrikansk kultur; han er ein songar, musikar, historieforteljar, historikar og tidlegare òg hoff-skald og talsmann for herskarar.
I vår tid opptrer griotar ved dåp, bryllaup, gravferder, idrettsarrangement og politiske møte.
Det finst griotar i fleire land og folkegrupper i Vest-Afrika: mellom anna mandefolka (mandinka, malinké, bambara mfl.), fulɓe (fulani), hausa, songhai, tukulóor, wolof, serer, mossi, dagomba og susu. Ordet griot stammar truleg frå det franske guiriot, som igjen kjem frå det av portugisiske criado, den maskuline forma av «tenar». I dei ulike folkegruppene er griotane kjende under fleire ulike namn: jeli blant mandefolka i nord og jali i sør, guewel på wolof og gawlo på fulfulde.
Griotar brukar instrument som balafon, kora, bolon og ngoni.
Historisk sett har griotane tilhøyrd eit slektsbasert laug eller ein kaste, der ein giftar seg innan kasten og yrket går i arv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Griot, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.