Scapa Flow er eit sund på Orknøyane sør for Mainland og nord for Hoy og South Ronaldsay.
Sundet ligg verna til og er veleigna som naturleg hamn. Den britiske marinen brukte Scapa Flow som flåtehamn under både første og den andre verdskrigen. Marinebasen vart nedlagt i 1956.
Som følgje av det tyske nederlaget i den første verdskrigen vart den tyske keisarlege flåten halden tilbake i Scapa Flow i påvente av utfallet av fredsforhandlingane i Versailles. Skipa kom til Scapa Flow i november 1918 og vart ein attraksjon for øybuarane. 21. juni 1919 gav den tyske admiralen Ludwig von Reuter ordre om å senke alle skipa for å hindre at skipa skulle kome på britiske hender som ein del av fredsavtalen. 64 skip vart søkkte og 9 sjømenn mista livet, dei siste omkomne i første verdskrigen.
Ti slagskip vart søkkte: SMS «Bayern», SMS «Kronprinz Wilhelm», SMS «Markgraf», SMS «Großer Kurfürst», SMS «Prinzregent Luitpold», SMS «Kaiser», SMS «Kaiserin», SMS «Friedrich der Große», SMS «König Albert» og SMS «König». SMS «Baden» gjekk på grunn og vart ikkje søkkt.
I tillegg vart fem slagkryssarar, fem kryssarar og førtifire torpedobåtjagarar søkkte.
Skipsvraka er i dag eit populært dykkemål for sportsdykkarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Scapa Flow, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.