Samuel Herman Reshevsky (26.
november">26. november 1911–4. april 1992) var ein polsk fødd amerikansk stormeister i sjakk, frå midt på 1930-talet ein av dei sterkaste sjakkspelarane i verda.
Samuel Reshevsky | |
Statsborgarskap | Polen, USA |
Fødd | 26. november 1911 Ozorków |
Død | 4. april 1992 (80 år) |
Yrke | sjakkspelar, journalist, bokfører |
Språk | polsk, engelsk |
Samuel Reshevsky på Commons |
Samuel Reshevsky var fødd Ozorków, då ein del av det russiske riket, no Polen, som Szmul Rzeszewski, eit av seks barn i ein jødisk familie. Alt som seksåring spelte han simultansjakk mot fleire vaksne motstandarar. Som sjakk-vedunderbarn tok foreldra han med på simultanturne i Europa, og etter kvart kom dei til USA i 1920, der dei blei verande. 11 år gammal vann han eit turneringsparti mot sjakkmeisteren David Janowski. I 1923 vart sjakkarriæra avbroten av skulegang, eit avbrot som varte til han hadde tatt avsluttande eksamen i rekneskap ved Universitetet i Chicago i 1933.
Reshevsky begynte deretter å spele sjakk aktivt, og frå 1935 deltok han i internasjonale turneringar.
Reshevsky sitt internasjonale gjennombrot kom i ei turnering i Margate i 1935, der han vann mot den tidlegare verdsmeisteren i sjakk José Raúl Capablanca.
Han etablerte seg deretter i verdstoppen i sjakk, og hadde svært mange sterke resultat. Eit lite utval av desse:
I Nottingham 1936 tok han 3.-5.-plass saman med Euwe og Fine. Same året vart han for første gong USA-meister, han vann seinare også i 1938, 1940 og 1946. I 1937 vann han turneringa i Kemeri saman med Salo Flohr og Vladimirs Petrovs, og i Semmering delte han 3-4. plass. Han vann deretter Hastings 1937/38, og blei nummer 2 etter Flohr i Leningrad/Moskva 1939.
I turneringa om Verdsmeisterskapen i sjakk 1948 delte han 3-4.-plass med Paul Keres, etter Mikhail Botvinnik og Vassilij Smyslov.
FIDE utnemnde Reshevsky til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første.
I 1952 delte han førsteplassen i Havanna med Miguel Najdorf, Argentina. Same året spelte dei ein tvekamp som Reshevsky vann 11-7. Etter dette kunne Reshevsky rekne seg som den beste spelaren på den vestlege halvkula.
Reshevsky spelte første bord i to prestisjetunge landskampar mot Sovjetunionen: I 1954 klarte han uavgjort mot Vassilij Smyslov og i 1955 vann han 2,5-1,5 mot Mikhail Botvinnik.
I 1961 spelte han ein tvekamp mot Bobby Fischer, den enda etter 11 parti uavgjort, +2 =7 -2. I 1968 tapte han kvartfinalen i Kandidatturneringa mot Viktor Kortschnoi. I 1969 og 1971 vann han for 6. og 7. gong USA-meisterskapen.
Reshevsky var aktiv som sjakkspelar til han nådde høg alder, og spelte i sterke turneringar så seint som i 1989. Han døydde i Suffern, Delstaten New York i 1992 av eit hjarteåtak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samuel Reshevsky, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.