Sjakk-Vedunderbarn

Sjakk-vedunderbarn er barn som spelar sjakk så bra at dei er i stand til å slå meisterspelarar og også stormeistrar i sjakk, ofte i svært ung alder.

Sjakk er ein av dei få sportsgreinene der barn kan konkurrere med vaksne på same vilkår, det er på såleis eit av dei få områda der det finst verkelege vedunderbarn. Det kan knyte seg store forventningar til sjakk-vedunderbarn, og somme har også blitt verdsmeistrar i sjakk, medan andre ikkje har hatt same framgangen som vaksne.

Sjakk-Vedunderbarn
Sergej Karjakin vart stormeister i sjakk 12 år og sju månader gamal i 2002

Tidlege sjakk-vedunderbarn

Tidlege sjakk-vedunderbarn var Paul Morphy (1837–1884) og José Raúl Capablanca (1888–1942). Begge vann tvikampar mot sterke vaksne motstandarar då dei var 12 år. Samuel Reshevsky (1911–1992) gav simultan-oppvisningar då han var seks år. Morphy var å rekne som uoffisiell verdsmeister rundt 1860 - offisielle verdsmeistrar reknar ein med frå 1886. Capablanca vart verdsmeister, og sjølv om Reshevsky aldri vart verdsmeister, så var han ein av toppspelarane i verda i mange år.

Liste over yngste stormeistrar

Ein målestokk for sjakk-vedunderbarn er kva alder dei oppnådde tittelen Stormeister i sjakk. Her bør det takast eit visst omsyn til at denne tittelen berre har eksistert sidan 1950; og også at det har blitt noko enklare å oppnå tittelen i dei seinare åra - det har særleg blitt mange fleire høve til å delta i sterke turneringar og dermed kvalifisere seg for tittelen. Det har dermed blitt lettare å klare krava, sjølv om nivået på prestasjonen neppe har blitt vesentleg mindre.

Uansett, det har blitt fleire sterke sjakk-vedunderbarn dei siste åra. Dette kan skuldast teknologisk framgang, der datamaskiner med sjakkprogram gjer det mogleg å lære og trene raskare, og det har også blitt mogleg å spele mot sterke motstandarar på internett.

Rekordhaldarane

Lista under viser dei spelarane som har halde rekorden som yngste stormeister. Alderen oppgitt i lista er alderen då dei kvalifiserte seg for tittelen. Dette er ikkje den alderen dei offisielt vart Stormeister. Dette fordi Verdssjakkforbundet FIDE berre delar ut denne tittelen på sine offisielle møte, som er berre nokre få gongar i året. Spelarane er ført opp med nasjonaliteten dei hadde då dei oppnådde tittelen, ikkje deira seinare eller noverande nasjonalitet.

Dette er ei liste over dei spelarane som har klart krava til å bli stormeister før dei fylte 15 år:

    Spelar Nasjon Alder
    Sergej Karjakin Sjakk-Vedunderbarn  12 år, 7 månader, 0 dagar
    Parimarjan Negi Sjakk-Vedunderbarn  13 år, 4 månader, 22 dagar
    Magnus Carlsen Sjakk-Vedunderbarn  13 år, 4 månader, 27 dagar
    Bu Xiangzhi Sjakk-Vedunderbarn  13 år, 10 månader, 13 dagar
    Richárd Rapport Sjakk-Vedunderbarn  13 år, 11 månader, 6 dagar
    Teimour Radjabov Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 0 månader, 14 dagar
    Ruslan Ponomariov Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 0 månader, 17 dagar
    Wesley So Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 1 månad, 28 dagar
    Étienne Bacrot Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 2 månader, 0 dagar
    Maxime Vachier-Lagrave Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 4 månader
    Péter Lékó Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 4 månader, 22 dagar
    Hou Yifan Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 6 månader, 16 dagar
    Anish Giri Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 7 månader, 2 dagar
    Jurij Kuzubov Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 7 månader, 12 dagar
    Dariusz Swiercz Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 7 månader, 29 dagar
    Nguyen Ngoc Truong Son Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 10 månader
    Fabiano Caruana Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 11 månader, 10 dagar
    Ray Robson Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 11 månader, 16 dagar

Dette er ei liste over dei yngste kvinnelege stormeistrane i sjakk. (Dette har ikkje noko å gjere med tittelen Kvinne-stormeister i sjakk (WGM), som er langt enklare å klare.)

    År Spelar Nasjon Alder
    1978 Nona Gaprindasjvili Sjakk-Vedunderbarn  27 år
    1984 Maia Tsjiburdanidze Sjakk-Vedunderbarn  23 år
    1991 Susan Polgar Sjakk-Vedunderbarn  21 år
    1991 Judit Polgár Sjakk-Vedunderbarn  15 år, 4 månader
    2002 Koneru Humpy Sjakk-Vedunderbarn  15 år 1 månad
    2008 Hou Yifan Sjakk-Vedunderbarn  14 år, 6 månader

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Tags:

Sjakk-Vedunderbarn Tidlege sjakk-vedunderbarnSjakk-Vedunderbarn Liste over yngste stormeistrarSjakk-Vedunderbarn BakgrunnsstoffSjakk-Vedunderbarn FotnotarSjakk-VedunderbarnSjakkStormeister i sjakkVedunderbarnVerdsmeisterskapen i sjakk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tatjana TomasjovaHank LocklinAnimismeWikifrasarElisabeth TerlandFredrik SkavlanEtnos og demosRSSMusikkgruppa GåteMøteplassSouth LanarkshireLemmingDen gregorianske kalenderenDen europeiske unionenQueenTorremolinosMount Salisbury i AntarktisSnikkarEselFriksjon918Nikita KhrusjtsjovBrusselHenry LawsonAusterrikeDen islamske statenFrozenDomenetapTuonelaHar SedomInkarikets fallAda LovelaceAntiqueSamisk historieBarry HayGonzález IslandKongsberg IdrettsforeningJohan BojerOslo kommuneMuldyrAndreas BlochPogóniAegisAmarantfamilienNorske dialektarAkslaCharcot CoveWorld of Music, Arts and DanceSki-NM 1967Paparoa nasjonalparkInca Garcilaso de la VegaOrbitalVinter-OL 1968Elizabeth II av StorbritanniaSymbol i hinduismenÅkermans VerkstadFuglarStorfeVätternLønnAftonbladetAlbert EinsteinTriasInnsjøar i SverigeBrigitEdderkoppar i kulturen1300-taletISO 8601Verdas landKinagrasHarriet BackerFreddie Mercury2016KabaGranAlmKarikaturParis🡆 More