Salamone Rossi: Italiensk komponist

Salamone Rossi (kring 1570–kring 1630) var ein italiensk-jødisk fiolinist og komponist i overgangen mellom italiensk seinressanse og barokk.

Han er særleg kjend for si rolle i utviklinga av den barokke triosonaten, som ein pioner i bruk av generalbass og som den første kjende komponisten som skreiv polyfon musikk for synagogebruk.

Salamone Rossi
Fødd19. august 1570
FødestadMantova
Død1630 (59 år)
DødsstadMantova
OpphavHertugdømet Mantova
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, fiolinist
Salamone Rossi: Italiensk komponist
Opningssida til Madrigaletti (1628) av Salamone Rossi.

Liv

Som ung fekk Rossi omdøme som ein gåverik fiolinist, og i 1587 blei han tilsett som hoffmusikar i Mantova. Her blei han konsertmeister og underheldt hertugfamilien og gjestene deira. Han fekk eit så godt omdøme at han fekk fritak frå å ha på seg det gule merket jødar måtte ha i Mantova på den tida. Syster hans, «Madama Europa», var ein operasongar som også opptredde ved hoffet.

Både Rossi og syster hans forsvann då huset Gonzaga tapte for invaderande austerrikske styrkar, som øydela den jødiske gettoen i Mantova. Etterpå tok ein epidemi livet av fleire innbyggjarar.

Verk

Italiensk

Det første utgjevne verket til Rossi kom ut i 1589 og var ei samling av 19 canzonettaer, korte, danseaktige stykker for ein stemmetrio. Han skreiv også meir alvorlege madrigalar med lyrikk frå samtidige store diktarar som Guarini, Marino, Rinaldi og Celiano. I 1600 gav Rossi ut dei første continuo-madrigalane, ei nyskaping som var med på å definera den barokke epoken innan musikk.

Hebraisk

Rossi gav også ut ei samling jødisk liturgisk musikk, השירים אשר לשלמה (Ha-shirim asher li-Shlomo, 'Salomos/Salamones songar') i 1623. Stykka var skrivne i barokkstil og hadde lite til felles med jødisk kantormusikk. Dette var svært nytt innan jødisk musikk, ettersom polyfon musikk hadde vore forbode i synagogar sidan det andre tempelet blei øydelagd. Samlinga braut også med samtidig barokkmusikk gjennom å bruka bibeltekstar på hebraisk i musikken sin.

Instrumental

Salamone Rossi var også nyskapande innan instrumentalmusikk ved å ta i bruk prinsipp frå monodisong, der ein melodi dominerer over andre stemmer. Dei tidlege triosonatane hans bidrog til utviklinga av virtuos fiolinteknikk, og står mellom den instrumentale canzonaen frå seinrenessansen og triosonaten frå seinare barokk.

Kjelder

Tags:

15701630BarokkFiolinGeneralbassItaliaJødarSynagogeTriosonate

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

InformasjonskapselMegalópoliLerkSerious Hits… Live!Vegard UlvangSudokuSamisk språkhistorieHøgnorskBlåbærlyngHovudsideNasjonaldagFærøyaneAksel SandemoseHotel CaliforniaAlan WalkerCarles PuigdemontKommunar i NoregGoogleJean-Claude JunckerNye SverigeØstfold fylkeOrtodoks kristendomInnsjøar i SverigeNordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvlaMadman Across the WaterGangesNorsk ytre språkhistorieKrakenVik-Sandvik GroupAlan MooreBokfinkMedianCand.mag.Asker kommuneTeltPeter F. WolfKaptein SabeltannHarry PotterTegan and SaraUkrainaFørste maiNorsk rikskringkastingCerebellar arterieApeAfrikaErnst JosephsonKorinthíaKnut Marius DjupvikKasakhstanStorbritanniaLuciano PavarottiÅlandFolkerepublikken KinaKrøllparentesCharles MingusRådyrCancer bellianusJordbruksrevolusjonenH.C. AndersenByte i informatikkSunndalsøraBobby BareRune BjerkeFinkefamilienFrankrikeGjærMidsommarBillboard Hot 100Jan EgelandVladimir PutinUN-nummerTommeLandsmålCoco ChanelDanmark i Sandviksbukta🡆 More