Saint-Barthélemy (ofte kalla Saint-Barth eller St.
Barts) er ei øy i Karibia og eit fransk oversjøisk område. Fram til 15. juli 2007 vart øya administrert som del av det franske oversjøiske området Guadeloupe, men vart då eit eige territorium. Øya er kjend som eit eksklusivt reisemål for rike turistar.
Flagg | Våpen |
Status | Fransk oversjøisk kollektivitet (collectivité d'outre-mer ) |
---|---|
President i territorialrådet (président du Conseil territorial) | Bruno Magras |
Hovudstad | Gustavia |
Offisielt språk | Fransk |
Areal - % vatn | 21 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt | ca. 8450 (2007) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .bl (ikkje i bruk), .fr |
Tidssone | UTC -4 |
Internasjonal telefonkode | +590 |
Nasjonalsong |
Saint-Barthélemy vart først kravd av Frankrike i 1648, men i 1784 selde franskmennene øya til Sverige. Øya var svensk område fram til 1878, då Frankrike kjøpte ho tilbake.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Saint-Barthélemy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.