Sør-Dakota er ein delstat i USA.
Hovudstaden er Pierre, men den største byen er Sioux Falls.
Sør-Dakota South Dakota | |||
delstat | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Pierre | ||
Areal | 199 729 km² | ||
- land | 196 540 km² | ||
- vatn | 3 189 km² | ||
Folketal | 869 666 (2017) | ||
Folketettleik | 4 / km² | ||
Guvernør | Kristi Noem | ||
Før innlemming | Dakota-territoriet | ||
Innlemma i USA | 2. november 1889 | ||
Statsnummer | 39. eller 40. | ||
Forkorting | SD | ||
Sør-Dakota 44°30′N 100°00′W / 44.5°N 100°W | |||
| |||
Wiki Commons: South Dakota | |||
Nettstad: sd.gov | |||
I Sør-Dakota ligg Mount Rushmore, fjellet der likskapen til fleire amerikanske statsmenn er hogne ut.
Sør-Dakota blei godkjend som eigen stat i ein lov vedteken den 22. februar 1889, saman med Nord-Dakota, Montana og Washington. Dei to Dakotaene blei formelt innlemma i USA av president Benjamin Harrison den 22. november same året. På grunn av mykje kiving mellom nord og sør, sørgde presidenten for å stokka om papira deira slik at ein ikkje skulle finna ut kva stat som var blitt innlemma først.
Dei første franske og andre europeiske oppdagarane i området møtte fleire innfødde folkegrupper, til dømes omahaene og arikaraene, men ved byrjinga av 1800-talet var siouxfolk (dakota, lakota og nakota) dei dominerande gruppene.
I dag er staten dominert av kvite, 88 % definerte seg som dette i folketeljinga i 2003. Samstundes har staten den største konsentrasjonen av folk som definerer seg som urfolk i fastlands-USA, 8,3 %. Heile 40,7 % av innbyggjarane stammer frå tyskarar og 15,3 % frå nordmenn. Dette er dei to største «avstammingsgruppene» i Sør-Dakota, med irar, indianarar og engelskmenn som følgjer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sør-Dakota, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.