Søndenfjeldske Dragonregiment

Søndenfjeldske Dragonregiment (forkorta SDR) var ei avdeling i det norske kavaleriet skipa i 1750, og lagt ned i 2002.

Søndenfjeldske Dragonregiment
Uniform frå 1700-talet.
Ill.: Carl Bertram, 1763

Historie

Regimentet reknar Tredje søndenfjeldske dragonregiment som første del av si historie. Dette regimentet vart skipa i 1750; da kavaleriet blei utvida frå 2 regiment sønnafjelds og eit nordafjelds til 4+1. Det fjerde sønnafjeldske ble nedlagt i 1766, og dei tre attverande sønnafjelds fekk i 1783 namna Aggershusiske, Smålehnske og Oplandske. Det Smålenske vart lagt ned i 1811. Etter omskipinga i 1811 inneheld det norske kavaleriet tre regiment: Akershusiske ridende jegerkorps med kompani i Østfold og Nes/Eidsvoll; Søndenfjeldske Dragonregiment med kompani i Romerike, Hedmark og Toten; og Trondhjems Dragonkorps med kompani i Innherred og Strinda.

Søndenfjeldske Dragonregiment har hatt ulike namn gjennom tida: 1750: Tredje søndenfjeldske dragonregiment ; 1784: Oplandske dragonregiment; 1811: Søndenfjeldske dragonregiment; 1818: Oplandske ridende jegercorps; 1889: Oplandske kavalerikorps; 1911: Oplandenes Dragonregiment Nr 2; 1930: Opland Dragonregiment; 1987: Søndenfjeldske Dragonregiment. Kavaleriets skole- og øvingsavdeling var frå 1987 til 2002 slått saman med regimentet.

Frå 1784 til 1810 bestod dragonregimentet av 5 kompani frå Hedmark (kalla Nordre, Østre m.v.), to kompani frå Toten og eit frå Biri. Etter 1811 bestod regimentet av kompani frå Hadeland, Ullensaker, Nannestad, Skedsmo, seks kompani frå Hedmark (kalla Nordre, Østre m.v.), Biri/Vardal og to kompani frå Toten; til saman 1729 mann. Dei nye kompania vart dels avgitt frå Akershusiske og dels frå Smålenske regiment.

Under førebuingane til Riksforsamlinga i 1814 peika regimentet ut to medlemmer av Den grunnlovgjevande forsamlinga: rittmeister Eilert Waldemar Preben Ramm frå Vang og korporal Peder Paulsen Balke frå Toten.

Moderne verksemd

Dragonregimentet hadde lenge base på Trandum leir; i 1997 vart verksemda flytta til Rena leir. Regimentet vart lagt ned i 2002.

Kjelder

Tags:

1750

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EiffeltårnetAksel SandemoseBrunSigurd NesdalHunderasarAndFrits ThaulowClaudio LangesHydrogenbindingMolde kommuneTsjekkiaHerbert HooverRimØstfold fylkeEritreaStreptokokkhalsinfeksjonWikimaniaGiroBrusselMärtha av NoregMediaWikiSiri KalvigArabiskBritt Karin LarsenOSI-modellenValborgsmesseaftanØSjantiKapitalismeJordskokkGaltvortBieRodinaHerman WildenveyDet latinske alfabetetCristiano RonaldoSilkehegreNord-IrlandDet indiske kastesystemetNordland MållagFacebookLiverpool FCHøgnorskWiki CommonsKokosmakronRakiaJomfru MariaKon-Tiki-ekspedisjonenØystein SundeReinÁrgos-MykínesTroms fylkeKvam heradSjakkFotballParadise and LunchDaddelMette FrederiksenTrípoli i HellasIl Tempo GiganteLemmingUkrainsk matDickey BettsGranslektaGerd-Liv VallaSomaliaGranadaØrsta kommuneBjørkefinkAsymptomatiskUtviklinga av traktorenMarie AntoinetteSvartebokaCerebellar arterieKnut Hamsun🡆 More