Rutger Smith (fødd 9.
juli">9. juli 1981) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Leek som tevla internasjonalt både i kulestøyt og diskoskasting. Han vann i 2005 VM-sølv i kulestøyt og 2007 VM-bronse i diskoskasting. Under europameisterskapen 2012 sikra han seg sølv i kulestøyt og bronse i diskoskasting. Smiths personbeste i kulestøyt er 21,62 meter, oppnådd i 2006, hans lengste diskoskast målte 67,77 meter og er frå 2011.
Rutger Smith | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 9. juli 1981 (42 år) Groningen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Årets talent |
Smith vart 1999 junior-europameister i både kulestøyt og diskos, i 2000 junior-verdsmeister i kulestøyt. I Friidretts-EM 2002 i München vart han nummer åtte i kulestøyt med 19,73 meter. Året etter mislukkast han i å kvalifisere seg til VM-finalen i Paris såvel diskos som kule, noko som gjentok seg under Sommar-OL i Aten.
Ved innandørs-EM 2005 tok Smith sølv i kulestøyt med 20,79 m, dansken Joachim B. Olsen vann. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki støytte Smith 21,29 meter og vann sølvmedaljen, Adam Nelson frå USA var klar bestemann i tevlinga. I 2006 deltok Smith i begge øvingane då europameisterskapen fann stad i Göteborg, og vart fjerdemann i kulestøyt og kom på sjuandeplass i diskos. Under VM 2007 i Osaka vann han bronsen i diskos med eit kast på 66,42 m, i kulefinalen kom han på fjerdeplass med 21,13 m.
Også under dei olympiske leikane 2008 tok Smith seg til to finalar. I Beijing enda han opp som nummer sju i diskoskasting og nummer ni i kulestøyt. Dei neste åra sleit han med ryggen sin og tevla ikkje att før april 2011. Sommaren 2012 deltok han i EM i friidrett i Helsinki og seinare i sommarleikane i London. I Helsinki vann han sølv i kulestøyt og bronse frå diskosringen. Under London-OL presterte han ikkje like bra og i den hardare konkurransen lukkast han ikkje å få finaleplass i korje øving.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rutger Smith, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.