Ronny Ackermann (fødd 16.
mai">16. mai 1977) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Bad Salzungen. Mellom 2003 og 2007 vann han fire VM-gull, i tillegg har han vunne sju sølvmedaljar i ulike verdsmeisterskapar og i vinter-OL 2006, samt ein VM-bronse i 2001. Ackermann vann verdscupen i kombinert i 2002, 2003 og 2008.
Ronny Ackermann | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 16. mai 1977 (46 år) Bad Salzungen |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1998, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – sprint, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – team, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – team |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen, Sportler des Jahres |
Ackermann vart verdsmeister i kombinert både i 2003, 2005 og 2007. Han er den einaste utøvaren som har vunne tre VM-titlar på rad. På heimebane i Oberstdorf i 2005 vann han også sprintdistansen i meisterskapen.
Frå desember 1999 til november 2008 vann Ackermann 28 tevlingar i verdscupen. I alt stod han 77 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.
Dato | Stad | Land |
---|---|---|
9. desember 1999 | Vuokatti | Finland |
5. januar 2001 | Reit im Winkl | Tyskland |
10. februar 2001 | Liberec | Tsjekkia |
23. november 2001 | Kuopio | Finland |
25. november 2001 | Kuopio | Finland |
18. desember 2001 | Steamboat Springs | USA |
3. januar 2002 | Reit im Winkl | Tyskland |
18. januar 2002 | Liberec | Tsjekkia |
15. mars 2002 | Oslo | Noreg |
22. januar 2003 | Hakuba | Japan |
25. januar 2003 | Sapporo | Japan |
9. mars 2003 | Oslo | Noreg |
14. mars 2003 | Lahti | Finland |
29. november 2003 | Kuusamo | Finland |
30. november 2003 | Kuusamo | Finland |
6. desember 2003 | Trondheim | Noreg |
12. desember 2003 | Val di Fiemme | Italia |
30. desember 2003 | Oberhof | Tyskland |
22. februar 2004 | Liberec | Tsjekkia |
29. februar 2004 | Oslo | Noreg |
27. november 2004 | Kuusamo | Finland |
4. desember 2004 | Trondheim | Noreg |
5. desember 2004 | Trondheim | Noreg |
2. januar 2005 | Ruhpolding | Tyskland |
30. november 2007 | Kuusamo | Finland |
12. nanuar 2008 | Val di Fiemme | Italia |
20. nanuar 2008 | Klingenthal | Tyskland |
29. november 2008 | Kuusamo | Finland |
I 2003 vart han tildelt Holmenkollmedaljen saman med ein annan kombinertrennar, Felix Gottwald frå Austerrike.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ronny Ackermann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.