Robben Island, afrikaans Robbeneiland, er ei sørafrikansk øy som ligg i Table Bay , 12 km utanfor kysten av Cape Town.
Ho er 5,7 km² stor. Øya var tidlegare ei fangeøy, men er i dag eit minnsmerke og eit populært turistmål
Robben Island | |||
øy | |||
Land | Sør-Afrika | ||
---|---|---|---|
Del av | Liberation Heritage Route | ||
Robben Island 33°48′18″S 18°22′12″E / 33.805°S 18.37°E | |||
Wiki Commons: Robben Island | |||
| |||
Land | Sør-Afrika | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 23. sesjon i 1999. Referansenr. 916. | |||
Kriterium: | (III)(VI) | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Afrika | ||
Bakgrunnsstoff | Robben Island ved unesco.org |
Ordet Robben i namnet kjem frå nederlandsk og tyder 'sel'. Tidlegare vann ein ut selolje i området.
Sidan 1600-talet og fram til 1991 blei øya brukt som fangeøy nesten utan avbrot. Tidvis sende ein også spedalske og sinnslidande til øya. Frå 1961 var det særleg motstandarar mot apartheid-regimet som blei sende hit. Nelson Mandela var fange her frå 1964 til 1982. Frå 1996 har øya vore eit museum og minnesmerke for kampen mot apartheid. I 1999 blei øya teken med på UNESCO si liste over verdsarv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Robben Island, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.