Antártica Chilena er den sørlegaste av dei fire provinsane i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile.
Denne provinsen dekkjer Storøya i Eldlandet sør for fjellkjeda Cordillera Darwin, dei sørlegaste øyane i den chilenske delen av Eldlandet samt Chilensk Antarktis. Provinsen er inndelt i to kommunar; Antártica som dekkjer det chilenske kravområdet i Antarktis, og Cabo de Hornos som dekkjer området i Eldlandet. Provinsen grensar i nord til provinsen Tierra del Fuego.
Medrekna Antarktis-området, har denne provinsen eit areal på 1,265,853.7 km2. Han er svært tunt befolka - i 2002 registrerte ein 2392 innbyggjarar i heile provinsen. Dei fleste av desse bur i provinshovudstaden Puerto Williams på Navarino-øya.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Provinsen Antártica Chilena, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.