Perseidane

Perseidane, iblant kalla Laurentiussvermen, er ein meteorsverm med størst aktivitet omkring 12.

august">12. august kvart år, årsaka av kometen Swift-Tuttle. Perseidane har fått namnet fordi punktet på himmelen som dei ser ut til å kome frå, den såkalla Meteorregnradianten, ligg i stjernebildet Persevs.

Perseidane (PER)
Perseidane
Ein perseid over Very Large Telescope
Oppdaga36 evt. (først registrert)
OpphavSwift–Tuttle
StjernebiletePersevs
Rektascensjon03h 04m
Oppstår i23. juli - 20. august
Dato for størst aktivitet13. august
Snøggleik58 km/s
Zenithal hourly rate80
Sjå òg: liste over meteorsvermar
Perseidane
Ein, eller kanskje to, perseidar. Vinterbrauta i bakgrunnen.

Meteorregnet kjem når jorda kryssar bana til kometen Swift-Tuttle. Langs bana strekker seg ein "meteordis" (den såkalla Perseiddisen) av partiklar som er frigjorte frå kometen. Det meste av stoffet i disen i dag er om lag tusen år gamalt, men det finst ein yngre del av disen som stammar frå ein straum som losna frå kometen i 1862. Hastigheita til meteorar frå denne delen er markert større enn gjennomsnittet. Meteorane er oftast små – som sandkorn – og vert pulveriserte av friksjonen mot jordatmosfæren og når jordoverflata som støvkorn. Større steinar genererer ein større friksjon, og for at desse skal nå jordoverflata krevst ein storleik større enn ein neve.

Historie og opphav

Perseidane har vorte observerte gjennom siste 2 000 åra. Den tidlegaste kjende noteringa om desse meteorane kjem frå Midt-Austen. I Europa vart Perseidane kjende som "Sankt Lars sine tårer".

Observasjonar

Perseidane er synlege frå midt i juli kvart år, med størst aktivitet 8.-14. august og topp den 12. august. Då når talet meteorar 60 i timen eller meir. Dei kan sjåast over heile stjernehimmelen, men grunna Swift-Tuttle si bane er dei framfor alt synlege frå den nordlege halvkula.

For å oppleve meteorregnet til fulle bør omgjevnaden vere så mørk som mogeleg, utan måne og langt frå stader med kunstig ljos. Perseidane har ein brei topp i syklusen, så regnet er synleg fleire netter. Aktiviteten byrjar langsamt og blir omfattande kring klokka 11 på kvelden, når radianten stig høgare på himmelen. Talet meteorar aukar sidan stendig utover natta og toppen kjem 1½ til 2 timar før soloppgangen, straks før det vert for lyst. År 2010 gjekk nymånen ned innan meteorsvermen byrja. Dette gav gode observasjonstilhøve.

Kjelder

Perseidane  Commons har multimedium som gjeld: Perseidane

Tags:

Perseidane Historie og opphavPerseidane ObservasjonarPerseidane KjelderPerseidane BakgrunnsstoffPerseidane12. augustKometMeteorsvermStjernebildeStjernebiletet Persevs

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OldtidFribyTriasSyktyvkarVaktlarValladolidTorLæringsteorien konstruktivismeTokyoOstrovFristaden ChristianiaAli Baba og dei førti røvarane2019Always on My MindCecilia Payne-GaposchkinLysingSør-KoreaReinfjordSionistNaruhito av JapanElectrolux AssistentIngrid Alexandra av NoregVaktelFøderal republikkDeltaIndigoJanni KjærTørkeKarl X av FrankrikeGeorg Friedrich HändelTredje påskedagDentalDet republikanske partiet i USAPannemerke i hinduismenLAstatGoogle ChromeSurinamBulgarsk geografiMosesBåhus festningNapoléon BonaparteFreddie MercuryKjetil André AamodtLe CorbusierKystvaktaMultiplikasjonFlåklypa Grand PrixNetflixSnap av Rosa LinnDen julianske kalenderenLevestandardMicrosoft WindowsThomas MoreNéa MádytosVaduzParaguayAndSofia av SverigePeter ForsbergPersiskSacramentoDen norsk-russiske grensaElsa LystadKnut Marius DjupvikTorstein FlakneSevillaBogotáBjørnøyaKirunaVietnamDeventerPALOP🡆 More