Papiljott (frå fransk papillote, av papillon, 'sommarfugl') er ein rull av papir, skinn, gummi, plast eller metall som ein kan rulla hårlokkar omkring for å gjera det krøllete.
Ordet kan også visa til krøller laga på dette viset.
Papiljottering tek lang tid i høve til krølltong, men er meir skånsamt for håret. Det kan også gje meir fylde enn anna type krølling.
Ein kan bruka papiljottar over natta eller gjennom dagen før ein tek dei ut. Det kan vera stor skilnad på om det er akseptabelt å visa seg ute med papiljottar i håret eller ikkje.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Papiljott, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.