Påskehare

Påskeharen er ein symbolsk hare eller kanin knytt til påskefeiringa i vestleg kultur.

Skapningen er kjend for å ha med seg gåver som godteri og påskeegg. Harar og kaninar blir også brukt til bilete og pynt i samband med påsken.

Påskehare
Påskekort frå 1907 med ein påskehare.
Påskehare
Påskehare som pynt i Hinterhermsdorf i Sachsen.

Påskeharen blei innført i tysk luthersk tradisjon som ein dommarfigur som skulle avgjera om barn hadde vore snille eller uskikkelege ved byrjinga av påskefeiringa. Samstundes er harar og kaninar gamle grødesymbol som både kan stå for våren og den kristne gjenoppståinga til Jesus.

Historie

Påskehareskikken er først nemnd i De ovis paschalibus ('Om påskeegg') frå 1682 av Georg Franck von Franckenau. Den gåvegjevande haren, kjend som Osterhare eller Oschter Haws, blei eksportert til USA på 1700-talet av tyske protestantar (Pennsylvania Dutch). Barn kunne laga reir for haren til å leggja egga sine i. Dei kunne også leggja ut mat som gulrøter til haren.

Skikken spreidde seg til store delar av den engelskspråklege verda på 1800-talet, og haren blei oftare kjend som ein kanin. Det blei vanleg å bruka påskeharar til bilde og påskepynt, anten som realistiske dyr eller meir menneskeaktige, til dømes med klede. Etterkvart blei det også vanleg for menneske å kle seg ut som store påskeharar i samband med ulike påsketilstellingar, som organisert eggrulling.

Symbolikk

Harar har ei spesiell stilling i vestleg kultur som går tilbake til antikken. Fleire forfattarar som Plinius den eldre, Plutark, Filostratos og Claudius Aelianus skreiv at haren var hermafroditt eller periodevis bytta kjønn. Ideen om at haren kunne formeira seg utan å mista møydommen sin gjorde at kristne knytte han til jomfru Maria, og han kunne opptre i illuminerte manuskript og i renessansemåleri av Madonna med barn. Haren kan også vera knytt til treeininga gjennom tre harar-motivet.

Samstundes er kaninar og harar kjende for å formeira seg raskt, og har lenge vore eit symbol på grøderikdom. Dei blir tidleg kjønnsmogne, og kan få fleire kull i løpet av eitt år. Hoharar kan tilmed bli gravide med eit nytt kull medan dei ber på eit anna.

Også egg symboliserer grøde, og skikken med dekorerte egg går langt tilbake i tid. I påskehareskikken blir dei to symbola ført saman.

Soger

Ēostre

I Deutsche Mythologie frå 1835 la den tyske folkeminneforskaren Jacob Grimm fram ein teori om at haren var heilag for gudinna Ostara, som han knytte det tyske namnet på på påske, Ostern, til. Dette bygde på den engelske Beda si forklaring på månadsnamnet Eostur-monath (april), der han nemnde ei feiring for Eostre. Engelsk og tysk skil seg frå dei fleste andre europeiske språka ved å ikkje bruka ei avleiing frå gresk som namn på høgtida.

Koplinga er omdiskutert. Ifølgje A Dictionary of English Folklore finst det ikkje noko bevis for at harar er knytte til Eostre, og Beda nemner ikkje noko dyr i samband med henne. Ideen er likevel blitt teke opp att ei rekkje gonger, til døes av Charles Isaac Elton, Charles J Billson. og Christina Hole.

Omgjort fugl

Det blir fortald fleire soger om ein fugl som skal ha blitt gjort om til ein hare som derfor kunne leggja egg. I Mrs Sharp's Traditions (1990) av Sarah Ben Breathnach blir det fortal at Eostre i sinne ein gong skapte om favorittfuglen sin til ein hare. I andre versjonar gjer ho fuglen om til ein hare i medynk, til dømes fordi han er kald og svelt om vinteren. Når våren kjem legg den omskapte haren egg og dekorerer dei som takk til Eostre. Desse opphavssogene kan ikkje førast langt tilbake.

Variantar

Mange trekk ved påskeharetradisjonen kan minna om opphavet til julenissen eller Christkind, figuren som dømmer og gjev gåver til jul. Haren er ikkje det einaste dyret som gjev gåver til påske. Andre stader i Tyskland har ein rev hatt oppgåva, medan påskeegg kom med gauken i Sveits. I Australia, der kaninar er ein invasiv art, er det gjort forsøk på å innføra punghare (bilby) som påskedyr.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Påskehare HistoriePåskehare SymbolikkPåskehare SogerPåskehare VariantarPåskehare KjelderPåskehare BakgrunnsstoffPåskehareGodteriHareKaninPåskePåskeegg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jon FosseBygdedyretFlåklypa Grand PrixSola kommuneLuciano PavarottiDet tredje riketSong-dynastietJaroslav SakalaMoldaviaFørste maiDigital object identifierJordskorpeplateVoss heradHasardOsloVaterbordMagnisíaVrangianáRådyrKoparLoddeØrsta kommuneInternasjonalenGrodagenAtenStortinget T-banestasjonCentral Intelligence AgencyEl NiñoKnut Marius DjupvikIne Marie WilmannLímni PlastíraPetter SalstenNSDAPPalauBodø kommuneE-postKjerringa med stavenBjørkefinkSjakkForbrenningMengdKvartalCarles PuigdemontInsulinEritreaMouzákiKyprosTauKlima i ArgentinaWiki CommonsPilt-OlaTalordAudrey HorneAdolf HitlerDurgaLavaHar SedomRundeAkslaFrankrikeTermisk diffusivitetEikefjordGjærSoparAndPedro I av BrasilMjøsaPetter Dass🡆 More