Ole Martin Årst (fødd 19.
juli">19. juli 1974) er ein norsk tidlegare fotballspelar som er best kjend for sine tre periodar som Tromsø-spelar. Angrepsspelaren Årst vart norsk meister med laget i 1996. I åra frå 2000 til 2007 spelte han 22 landskampar for Noreg og skåra to mål.
Ole Martin Årst | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. juli 1974 (49 år) Bergen |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 190 centimeter |
Årst spelte for Tromsø 1995-97, 2003-07 og 2012-13. Han vart toppskårar i den norske eliteserien i 2005. Elles var han i si karriere innom dei norsk laga Skarp, Sogndal IL og IK Start, samt svenske Mjällby og dei belgiske klubbane RSC Anderlecht, Gent og Standard Liège.
Frå vinteren 2000 til vinteren 2007 aksla Årst den norske landslagstrøya 22 gongar, men einast fem gongar i viktige kvalifiseringskampar. Han skåra Noregs mål då det vart tap 1-2 mot Skottland i VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i 2005, og då Noreg tapte med dei same siffera mot Mexico i San Francisco i 2006.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ole Martin Årst, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.