Nyköping

58°45′15.523″N 17°0′17.194″E / 58.75431194°N 17.00477611°E / 58.75431194; 17.00477611

Nyköping
Nyköpings byvåpen
Nyköping
Nyköping 1690
Nyköping
Nyköpingshus ved Nyköpingsån
Nyköping
Brandholmens gamle flyplass
Nyköping
Nyköpingstornen 2006
Nyköping
Stadshuset i Nyköping

Nyköping er ein svensk by og centralort i Nyköpings kommune i Södermanland län i landskapet Södermanland, 60 km nordaust for Norrköping. I 2011 hadde byen 29 891 innbyggjarar.

Byen er sete for länsadministrasjonen i Södermanland. Her er hamn og stor handel og industri. Byen er eit trafikknutepunkt ved Havn, betydelig handel og industri. Kommunikasjonssentrum ved E 4 og jernbanelinjene Stockholm–Malmö og Grängesberg–Oxelösund.

Nyköping fekk bystatus i 1444 og ligg ved Austersjøen.

Historie

Ved Nyköpingån er det blitt funne etterleivningar som er datert til rundt 2000 f.Kr. Nyköping er truleg ein av dei eldste busetnadane i Sverige. Staden, ved munningen av fire elver, Nyköpingsån, Kilaån, Svärtaån samt Idbäcken, var spesielt viktig på den tida då den viktigaste transporten skjedde med båt.

Det eldste privilegiebrevet til Nyköping stammar frå 1444; det omhandla tilgang til øyar i skjergarden. I løpet av mellomalderen var det fleire riksmøte og krigshendingar i byen. I 1280 blei det grunnlagt eit fransikanarkloster i byen.

Det er ikkje kjend når slottet Nyköpingshus blei reist, men hertug Magnus Ladulås førte der dei forhandlingane som gjorde at den svenske krona fekk kontroll over Visby. På slottet sat Valdemar Birgersson som fange og døydde der i 1302. I 1317 skjedde det som er blitt kalla for «Nyköpings gjestebod» der hertugane Erik Magnusson og Valdemar Magnusson blei tatt til fange av bror deira, kong Birger Magnusson, og seinare døydde. Under Albrekt av Mecklenburg si tid var slottet styrt av den tyske riddaren Raven van Barnekow og seinare Bo Jonsson (Grip).

Sjå òg

  • Stockholm Skavsta Airport

Bakgrunnsstoff

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Christian av Danmark (2005)LangfredagsfjæreKristoffer Columbus1454EvangerLatinURLEuropaAles stenarLevestandardClement AttleeVerdsarvPartnarskap for fredLynsjakkVoilà av Barbara PraviNikita KhrusjtsjovFjols til fjellsAndregradslikningHeidi LøkeRachel CarsonWikinewsNorovirusØystein SundeMosesØresundbruaBreivikbotnAda LovelaceElisabeth AndreassenHaneGulDavid CameronDen norrøne kalenderenNanoteknologiWikimaniaHarald EiaPlaneten JupiterRoald ØyenMikhail GorbatsjovKåre Magnus BerghAutoritetsdataStareDeskátiDen finske vinterkrigenTsjekkiaDet britiske imperietBogotáLiv Grete SkjelbreidMelatoninTranebærDjengis khanCubaIltalehtiVoss heradGeorg III av StorbritanniaKon-Tiki-ekspedisjonenHydrogenOttomanPatrick RoestPlantarOrientråkeUstedalenProfessor emeritusSanskritÅheim27. marsAbsoluttverdiPompeiiBrad PittOdontologiFader vårChampions LeagueTikTokNynorskLSild1701🡆 More