Négritude

Négritude er ei fransk litterær og politisk rørsle som oppstod i mellomkrigstida og danna eit samlingspunkt for svarte fransktalande forfattarar av ulike opphav, som Aimé Césaire, Léopold Sédar Senghor, systrene Paulette og Jeanne Nardal (som blir sett på som dei inspirerande figurane i rørsla), Jacques Rabemananjara, Léon-Gontran Damas, Guy Tirolien, Birago Diop og René Depestre.

Rørsla var knytt til antikolonialismen, og påverka etterpå også mange personar knytte til svart nasjonalisme, og strekte seg langt utover dei fransktalande delane av verda.

Négritude inspirerte fleire rørsle i den afrikanske diasporaen over heile verda, som afro-surrealisme, karibisk créolité og black is beautiful i USA. Frantz Fanon viste ofte til Négritude i tekstane sine.

Opphav

Négritude 
L'Etudiant noir

Négritude er eit nylaga ord frå 1930 som er sett saman av det franske ordet for «neger», nègre, som likt det engelske tilsvarande ordet var nedsetjande og hadde ei anna tyding enn berre ‘svart mann’. Rørsla si bruk av ordet «négritude» var ein måte å vinna tilbake ordet som ein emisk måte å ta tilbake makt på. Omgrepet blei fyrst brukt i den noverande tydinga si av Aimé Césaire i den tredje utgåva av L'Étudiant noir (mai-juni 1935), eit tidsskrift han hadde grunnlagt i Paris i lag med andre studentar som Léopold Senghor og Léon Damas, i tillegg til Gilbert Gratiant, Leonard Sainville, Louis T. Achille, Aristide Maugée og Paulette Nardal.

Under overskrifta «Conscience Raciale et Révolution Sociale» i dette nummeret av L'Étudiant Noir gjer Césaire krav på ein svart identitet og kultur, fyrst og fremst i møte med ein "franskheit" (francité) som blei oppfatten som undertrykkende og eit middel nytta av den franske kolonistyret. Césaire nytta omgrepet opp att i 1939 då han gav ut Cahier d'un retour au pays natal. Konseptet blei deretter nytta av Leopold Sedar Senghor i Chants d'ombre, som fordjupar det, og set opp «hellensk fornuft» som motsats til «den svarte kjensla»:

    Nuit qui me délivres des raisons des salons des sophismes,
    des pirouettes des prétextes, des haines calculées des carnages humanisés
    Nuit qui fond toutes mes contradictions, toutes contradictions dans l'unité première de ta négritude.

Kjelder

Tags:

Aimé CésaireBirago DiopMellomkrigstidaRené Depestre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Friby1701DansKon-Tiki-ekspedisjonenBolstadøyriVakteleggCosenzaUngkarGaltvortFri rettshjelpGeorg Wilhelm Friedrich HegelKaspihavetHauge i DalaneAudhumblaRhinenKommunevåpen i NoregBelgiaValerij LjukinMuflonKristoffer ColumbusInnsjøar i SverigeAmund SkiriDet osmanske riketAmitav GhoshSkypeAre KalvøHalvdan SvarteQ.E.D.NormaltidVillepleSvarthyllClarksvilleChristianiaTriasOsterøy kommuneChampions LeagueKjærleikVoss heradWiktionaryEselWikimaniaBergen kommuneJiddaSan Andreas-forkastingaRasEuropium13. januarSnap av Rosa LinnKalkulusKjemiKarl III Johan av NoregInformasjonskapselDen julianske kalenderenMediaWikiSalmaneSjivaMoss kommuneGrunnstoffliste etter atomnummerKinesisk nyttårPintØresundbruaCoca-ColaJaran DammannHelena BrodtkorbTorpoKeltiske språkLinda EideISO 8601IndonesiaGeitetårnut8dxFonetisk alfabetOkhotskhavet🡆 More