Neger

Neger er eit ord som kan visa til folk med mørk hudfarge, i dag hovudsakleg om folk med noko eller fullstendig opphav i folkesetnaden i Afrika sør for Sahara, til dømes folkegrupper frå Karibia eller Sør-Amerika eller afroamerikanarar i USA.

Omgrepet er omdiskutert i Noreg. Det har samanheng med rasenemninga negroid.

Neger
Om dei amerikanske negrane slutta å vera slavar, var det ikkje sikkert at dei blei frie. Dei fortsette å gjera typisk «negerarbeid», det vil seia tungt, manuelt arbeid. Her ser me ei afro-amerikansk hushjelp i 1942.

Ordsoge

Ordet «neger» kjem frå det latinske niger, svart, og var lenge berre eit uttrykk som skildra mørk hudfarge – ein brukte mellom anna australneger om australske urfolk. Ordet erstatta tidlegare nemningar som «mor», «morian» og «blaamand».

Neger som skjellsord

I USA

Ettersom mørkhuda afrikanarar blei tvangsflytta i store mengder til Amerika og brukte der som slavar, fekk ordet ein brukte om dei nokre stader eit svært negativt innhald. Sjølv om dei frie etterkomarane av desse slavane i USA ei stund kalla folkegruppa si for Negroes, blei dette og ordet nigger etter kvart einstydande med å kalla nokon ein mindreverdig person, ein slave.

Berre det å bruka ordet nigger er nå tabu for dei fleste USA-amerikanarar, og ein refererer gjerne til det ved å bruka eufemismen «the N word». Berre nokre hippe, mannlege afroamerikanarar bruker ordet overfor kvarandre. I staden bruker ein gjerne omgrepet afroamerikanarar om denne folkegruppa.

Neger 
Humoristiske teikningar som spelte på rase var lenge aksepterte i USA. Dette, frå 1890-åra, har underteksten «Sistemann uti er ein neger».
Neger 
Dette postkortet frå 1914 kallar negerungar for «alligatoragn».

Neger som normalt ord

I amerikanske land utanom USA, som Cuba og Argentina, kan negro eller diminutivet negrito brukast mellom vennar, og det er ikkje rekna som nedsetjande.

Omgrepet negrito blir òg brukt i Asia om fleire grupper urfolk frå øyar i Indiahavet og fastlandet rundt, utan å ha nokre negative konnotasjonar.

Omdiskutert i Noreg

I Noreg er meiningane delte om «neger» er å rekna som negativt lada eller ikkje. Ordet finst rett nok i fleire negativt lada omgrep, som «negerarbeid», «bantuneger» og «bladneger».

Are Kalvø gav ut boka Kunsten å vere neger i 1996, var det for å ironisera over norske haldningar til framandkulturelle. Komikaren Johann Golden er ein annan som har stempla seg sjølv som neger for å gjera narr av uttrykket. Medan denne klart antirasistiske bruken av neger er blitt akseptert, vekte filmen Svidd neger frå 2003 sterkare reaksjonar.

I ei undersøking frå 2007 var det oppfatta som «greit» å bruka av rundt 60 %, medan andre vil opppleva det som diskriminerande. Sylfest Lomheim i Språkrådet uttalte i samband med undersøkinga at «i resten av landet [utanfor Oslo] oppfatter folk dette som et helt nøytralt ord som er veldig naturlig for folk å si.»

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Neger OrdsogeNeger som skjellsordNeger som normalt ordNeger Omdiskutert i NoregNeger KjelderNeger BakgrunnsstoffNegerAfrika sør for SaharaAfroamerikanararKaribiaSør-Amerika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Martti Ahtisaari1619Serra da EstrelaGrunnstoffliste etter namnAugaDavid KnopflerLavGoogle MapsRusslandLeksikonDelaware Art MuseumErik AndersenDet britiske kongehusetBodø kommuneEmmylou HarrisElon MuskSein juraAkslaKvigeGauklaget i SkaunRowan AtkinsonÅge AleksandersenWayback MachineRhinenPermtidaNéos MylótoposSmuglingKortromanSamvirkelagHelgolandAurgjeldingProfessor emeritusElisabeth AndreassenKvinnheradsdialektChileAbkhasiaKrýa Vrýsi i PéllaMånenEngelskTrinidad og TobagoHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorTalteoriKommunevåpen i NoregA Short HikeHandball-VM 2013 for kvinnerPippi LangstrømpeUljanovsk oblastPeriferieininga Pélla1993NoregFinlandFotball-VM 1982Wiki CommonsFolégandrosÁrgosDet Bergenske DampskibsselskabJohn KasichGeitetårnFransk1799Ludwig van BeethovenVM i fotball 2014Helena Dam á NeystabøRådyrEnglandLemmingRussisk salatWikipediaEli Kari GjengedalEurovision Song Contest 2012MuleselHåkon Sigurdsson JarlMS «Framstig»🡆 More