Miloslava Rezková, kjend som Milena Rezková, (22.
juli">22. juli 1950–19. oktober 2014) var ein tsjekkisk høgdehoppar som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho var olympisk meister i høgdehopp i 1968 og europameister i same i 1969.
Milena Rezková | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia |
Fødd | 22. juli 1950 Praha |
Død | 19. oktober 2014 (64 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 173 centimeter |
Rezková hadde enorm framgang i 1968-sesongen. Ho forbetra den personlege bestenoteringa frå 1,66 m til 1,82 m. I finalen under sommarleikane i Mexico-byen det året hoppa ho opp til sitt aller beste og vann noko overraskande OL-gullet, då ho var den einaste som gjekk over 1,82 m.
I 1969 var Rezková ein av fire utøvarar som klarde 1,83 m under friidretts-EM i Aten. Sidan ho presterte høgda i fyrste forsøk, og ingen gjekk over 1,85 m, stakk ho av med gullmedaljen. To år seinare, under EM i friidrett 1971 i Helsingfors, vart ho nummer fem i høgdetevlinga med 1,83 m i sluttprotokollen.
Rezková stoppa på 1,82 m i kvalifiseringa til OL-finalen 1972, og kom dermed ikkje med til finalen, som vart vunnen av Ulrike Meyfarth frå Vest-Tyskland på 1,92 m. Betre gjekk det i europameisterskapen i Roma i 1974, der kom Rezková på femteplass med 1,86 m.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Milena Rezková, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.