Michael Anthony Powell, kjend som Mike Powell (fødd 10.
november">10. november 1963) er ein USA-amerikansk, tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Philadelphia i Pennsylvania, som vart verdsmeister i lengdehopp i 1991 og 1993. Han vann dessutan to OL-sølv og ein VM bronse i same øvinga i tida 1988-95. Powell sette verdsrekord i lengdehopp med 8,95 meter då han vart verdsmeister i 1991, ein rekord som er gjeldande også i 2013.
Mike Powell | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. november 1963 (60 år) Philadelphia |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Powell fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1988, då han vann sølvmedaljen i lengdehopp under dei olympiske leikane i Seoul. Einast landsmannen Carl Lewis hoppa lengre. Tre år seinare leia Lewis lengdehopp-tevlinga under verdsmeisterskapen i friidrett frå fyrste omgang av. I fjerde omgang landa Lewis på fabelaktige 8,91 m, ein centimeter over verdsrekorden, men med for mykje vind til at det kunne godkjennast som rekord. I femte omgang overraska stort Powell med eit hopp på heile 8,95 m, ny verdsrekord. Trass i to fenomenale hopp på høvesvis 8,87 m og 8,84 m måtte favoritten Lewis sjå seg slått av Powell. Året ettet tok Lewis revansje og vart olympisk meister i lengdehopp for fjerde gong, med Powell på andreplass.
I 1993 deltok ikkje Lewis i lengdehopp under VM i Stuttgart, der Powell forsvarte tittelen som verdsmeister. Powell var favoritt til å vinne sitt tredje strake VM-gull i 1995, men under meisterskapen i Göteborg fann han sine overmenn i den suverene verdsmeisteren Iván Pedroso frå Cuba, samt James Beckford frå Jamaica.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mike Powell, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.