Mika Kristian Myllylä (12.
september">12. september 1969–5. juli 2011) var ein finsk langrennsløpar fødd i Haapajärvi i Finland, men oppvaksen i Trollhättan i Sverige.
Mika Myllylä | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. september 1969 Uleåborg |
Død | |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999 |
Mika Myllylä gjorde det sterkt som skiløpar på nittitalet. Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer tok han eitt sølv og to bronse. Han tok gull under Ski-VM 1997 i Trondheim, og under Vinter-OL 1998 i Nagano tok han gull på 3-mila i tillegg til to bronsemedaljar. Under ski-VM 1999 i Austerrike vart han den store vinnaren med tre individuelle gullmedaljar.
Ski-VM 2001 i Lahti vart den store nedturen for Myllylä, då han og fire andre finske løparar testa positivt for doping. Dei hadde brukt stoffet hemohes, vart fråtekne den nyvunne gullmedaljen i stafett og vart utestengde frå skisporten i to år i ettertid.
Myllylä vende aldri tilbake til skisporten på same nivå. Han deltok i nokre skitevlingar i Finland, men la skia på hylla i 2005. Det vart snart kjent at Myllylä sleit med alkoholproblem.
I 2011 vart Myllylä funnen død i bustaden sin i Kokkola i Vest-Finland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mika Myllylä, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.