Midland Oak eller The Central Oak er eit eiketre i Leamington Spa i Warwickshire i England, nær grensa til Lillington.
Det skal markera det geografiske midtpunktet av England, sjølv om det same blir hevda om fleire andre stader i landsdelen Midlands.
Midland Oak | |||
Midland Oak i dag. | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Midland Oak 52°18′00″N 1°31′47″W / 52.3001°N 1.52975°W |
Det opphavlege eiketreet er merka av på kart frå 1711. Dette treet voks midt i vegen, i vegkrysset mellom Lillington Road og Lillington Avenue. Det blei felt i 1967 etter at ei stor grein hadde falle ned på fortauet.
I februar 1988 blei det planta ei ny Midland Oak ved sida av vegen. Ein minnesplakett for det opphavlege treet blei avduka i april same år. Treet var blitt dyrka fram frå ei nøtt frå det gamle. Det nye treet fekk nøtter for første gong i 1993, og desse blei deretter samla og sådde. Fleire av trea som voks opp blei planta i nærleiken og lengre unna.
Dette treet overlevde omfattande landskapsarbeid i 2002 då ein opna opp ein underjordisk bekk, Bins Brook, og laga flaumvern for husa i nærleiken.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Midland Oak, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.