Metanolforgifting er forgifting (intoksikasjon) med alkoholen metanol.
Det giftige stoffet metanol vert anten drukke i den tru at det er etanol, eller det kan også koma inn i kroppen ved innanding eller gjennom kontakt med hud.
Metanol er ikkje særleg giftig i seg sjølv, men når denne alkoholen kjem inn i kroppen vert han nedbroten i levra til formaldehyd og maursyre, og det er desse stoffa som er skadelege for kroppen.
Dei vanlegaste symptoma på forgifting med metanol er hovudverk, svimmelheit, kvalme, tåkesyn, synsfeltutfall, koordinasjonsvanskar, forvirring; i alvorlege tilfelle etterfølgt av medvitsløyse og død.
Giftverknaden kjem først frå nokre timar til fleire døgn etter inntaket, så det er viktig å få forgiftningstilfelle til lækjar og sjukehus snøggast råd. Den letale (dødelege) dosen ligg på ca. 100 – 125 ml.
Begge desse stoffa verkar ved å redusera verknaden av enzymet alkohol dehydrogenase.
Handsaming av metanolforgifting er ein medisinsk naudstilstand.
Hausten 2002 skjedde det ei rekkje dødsfall i Noreg (Østfold) som følgje av metanolinntak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Metanolforgifting, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.