Melissa er eit kvinnenamn av gresk opphav.
Melissa har namnedag den 13. juli.
Det greske ordet Mέλισσα tyder 'honningbie'. I gresk mytologi var Melissa ei nymfe som tok seg av guden Zevs som liten. Ho blei seinare forvandla til ei honningbie. Melissa er også namnet på ei fe i diktet «Orlando Furioso» av Ludovico Ariosto frå 1516.
Melissa blei teke i bruk som engelsk førenamn på 1700-talet. Bruken tok til å veksa i USA på 1940-talet, og blei særs populært der frå midten av 1960-talet til midten av 1980-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Melissa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.