Mein Herze schwimmt im Blut, BWV 199, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 199 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1714 | ||
Urframføring | 12. august 1714 | ||
Publiseringsdato | 1912 | ||
Satsar/akter | 6 |
Han vart komponert i Weimar i 1714 for den ellevte sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 1718-1722 i Köthen og 8. august 1723 i Leipzig.
Teksten er skriven av Georg Christian Lehms (sats 1-5) og Johann Heermann (sjette sats)
Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Melodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind». Denne fanst i samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.
Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, obo, fagott, bass continuo, samt ein songsolist (sopran) og firedelt kor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mein Herze schwimmt im Blut, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.