Leipzig

Leipzig (sorbisk Lipsk) er ein by i Tyskland og den største byen i delstaten Sachsen.

Byen har eit innbyggjaratal på like over 510 000 , og ligg der elvane Pleiße, Weiße Elster og Parthe renn saman.

Leipzig
Horisonten til Leipzig
Horisonten til Leipzig
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Leipzig
Leipzig is located in Tyskland
Leipzig
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Leipzig
Kreisfri by
Først nemnd i
Byrettar
1050
1165
Geografi
Flatevidd
 - By

297,60 km²
Innbyggjararde:Leipzig
 - By (november 2006)
   - folketettleik

510 651
  1 716/km²
Koordinatar 51°20′0″N 12°23′0″E / 51.33333°N 12.38333°E / 51.33333; 12.38333
Høgd over havet 113 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 04003-04357
Telefon-retningsnummer 0341
Bilnummer L
Heimeside: www.leipzig.de

Leipzig er kjend for universitet og varemessa. Det første tyske arbeidarpartiet vart grunnlagd i byen.

Namnet Leipzig kjem frå det slaviske ordet Lipsk, som tyder 'busetnad ved lindetrea'.

Historie

Leipzig 
Thomaskirche, der Johann Sebastian Bach var organist og Martin Luther har preika.

Den første historiske omtalen av byen er frå 1050, då me høyrer om ein slavisk busetnad som heitte Lipsk. På grunn av tysk ekspansjon austover blei byen etter kvart ein av deira handelsstader, og fekk byrettar i 1165 av markgreven av Meissen.

Byen blei stygt skada av bombeåtak frå dei allierte under den andre verdskrigen. Medan det budde over 750 000 menneske i byen like før den andre verdskrigen, hadde folketalet gått ned til 500 000 i 2002.

I 1989 byrja den fredelege revolusjonen mot DDR-styret i byen med såkalla Montagsdemonstrationen.

Kjende personar med samband til Leipzig

Leipzig 
Reichsgericht, rettsbygningen i Leipzig.

Leipzig har i mange hundreår vore eit kultursentrum i Tyskland, noko ein merkar på menneska som har vore innom byen. Filosofen Gottfried Leibniz og fleire musikarar frå Bach-familien verka eller var fødde her, mellom anna Johann Sebastian Bach. Martin Luther preika i byen.

Fleire nordmenn har søkt seg til Leipzig. Ei rekke norske komponistar og musikarar, som Edvard Grieg, Johan Selmer, Ole Olsen, Johannes Haarklou, Christian Sinding, Eyvind Alnæs, Johan Halvorsen og Geirr Tveitt studerte her. Av norske vitskapsmenn var Sophus Lie professor i matematikk og Vilhelm Bjerknes professor i geofysikk ved Universitetet i Leipzig. Salmediktaren Elias Blix studerte teologi ved universitetet frå 1871 til 1872. Han hadde adresse Parkstrasse 2.

Verd å vitja i byen

  • Det gamle rådhuset, bygd av Hieronymus Lotter på 1500-talet
  • Det nye rådhuset
  • Thomaskirche
  • Nikolaikirche
  • Völkerschlachtdenkmal (monument over folkeslaget)
  • Universitetet i Leipzig
  • Det tyske biblioteket
  • Gohlisslottet

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Leipzig  Commons har multimedium som gjeld: Leipzig
Leipzig  Reiseguide for Leipzig frå Wikivoyage

Tags:

Leipzig HistorieLeipzig Kjende personar med samband til Leipzig Verd å vitja i byenLeipzig KjelderLeipzig BakgrunnsstoffLeipzigDelstatar i TysklandPleißeSachsenSorbiskTysklandWeiße Elster

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Troms fylkeRabagastPanterKaptein SabeltannOttomanTjeldPippi LangstrømpeURLKredittMS «Vega» (1938)KonkursHTMLKattBanefartBokormKristoffer ColumbusSymbol i hinduismenFrankrikeNorges BondelagVinkelfartDen dominikanske republikkenJesusKunsteventyrSelmer NilsenKrakenJanne HolménHedmark fylkeCaesareaNordmennDei fire årstideneEtasjeNasjonaldrikkRumoursKøbenhavnSøppelDompapBrigitte BardotVisaltíaFredrik SolvangPyrenéhalvøyaUngarnAbkhasiaAndre verdskrigenNord-AmerikaBybanen i Bergen1900-taletAn-MagrittHadeikumGaldhøpiggenDetaljhandelBilbaoArs Moriendi, eller De syv dødsmåterKjempeviseslåttenHovudsideStillehavetOperatunnelenFolie à DeuxTraneTommeSunnhordlandske ord og vendingarRudolf BlodstrupmoenHermeneutikkErling SteinveggAudun LysbakkenJ.K. RowlingMonogamiInformasjonsteknologiNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Linn UllmannBerlinmuren🡆 More