Maliføderasjonen var ein kortliva forbundsstat (1959–1960) som omfatta dei tidlegare franske koloniane Fransk Sudan (noverande Mali), Senegal, Øvre Volta (noverande Burkina Faso) og Dahomey (noverande Benin).
Modibo Keita frå Mali var president for føderasjonen, og regjeringa hadde sete i Dakar i Senegal.
Staten blei grunnlagd i januar 1959, men allereie i mars det året trekte Dahomey og Øvre Volta seg ut. Føderasjonen fekk fullt sjølvstyre 20. juni 1960. Den 20. august same året trekte Senegal seg ut etter politisk usemje. 22. september blei Republikken Mali erklært av Keita.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maliføderasjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.