Madison

Madison er delstatshovudstad i Wisconsin i USA, og den nest største byen, etter Milwaukee.

Hovudstaden er handelssentrum i eit jordbruksområde der særleg mjølkeproduksjon er viktig. Innanfor bygrensene bur litt over 200 000, men heile byområdet er 366 950 innbyggjarar (2000).

Madison
by
Madison
Land Madison USA
Areal 243,830589 km²
Folketal 269 840 (1. april 2020)

Madison
43°04′29″N 89°23′03″W / 43.074722222222°N 89.384166666667°W / 43.074722222222; -89.384166666667
Wiki Commons: Madison, Wisconsin

Historie

Historia til byen byrja i 1836 då den tidlegare dommaren James Duane Doty kjøpte 4 km² myr og skog ved dei fire sjøane Mendota, Monona, Kegonsa og Waubesa. Byen blei kalla opp etter James Madison, den amerikanske presidenten som var død like før.

Wisconsin var nyoppretta som amerikansk territorium det året, og hadde framleis ingen hovudstad. Doty arbeidde intenst for å få lovmakarane til å leggja han til Madison, sjølv om byen framleis berre fanst på papiret. Desse let seg overbevisa, kanskje fordi Doty baud dei på både bøffelkåper og billig land i den nye byen, men òg fordi han låg godt plassert: Midt mellom den gamle handelsstasjonen Prairie du Chien i vest og den nye og veksande Milwaukee i aust, og mellom dei viktige blygruvene i sørvest og den eldste byen i Wisconsin, Green Bay, i nordaust.

Madison 
Hovudstadsbygningen, Wisconsin State Capitol, i Madison.

I 1837 la ein ned hjørnesteinen for den første hovudstadsbygningen, og året etter møttest delstatsforsamlinga her for første gong. I 1846 hadde Madison 626 innbyggjarar.

I dag

Madison 
Monona Terrace i Madison.

Madison blei utpeikt som den beste staden å bu i i USA av tidsskriftet Money i 1996. Også seinare har byen stått høgt på denne lista, hovudsakleg fordi byen har låg arbeidsløyse.

I bybildet peiker Wisconsin State Capitol seg ut. Bygningen husar begge dei lovgjevande forsamlingane, høgsteretten og kontoret til guvernøren av delstaten. På grunn av lovar som regulerer høgda på bygningane rundt kan ein sjå Wisconsin State Capitol frå heile byen og på avstand.

I Madison finst òg eit universitet, University of Wisconsin-Madison, som har uteksaminert fleire nobelprisvinnarar.

Bakgrunnsstoff

Madison  Commons har multimedium som gjeld: Madison

Tags:

JordbrukMilwaukeeUSAWisconsin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Uljanovsk oblastDown to the WaterlineKristian VI av Danmark-NoregAnders HovdenPetter Dass-monumentetVladimir PutinIslamArne DokkenKortromanEmmylou HarrisSalhusOslo kommunePåskeprosesjonAdenbuktaEncyclopædia BritannicaLuhansk oblastFilmserien OlsenbandenÅge AleksandersenNorskehavetSandsøya i SandeEva PeronChristian StrandCristiano RonaldoHákarlBjørnøyaAlzheimers sjukdomLeonid BrezjnevTysdagSkjærtorsdagArturo VidalBergenSjtipFylkesveg 363Tehrik-i-Taliban PakistanYosef Wolde-MariamKåre ConradiSigvart DagslandRiksveg 7Ole PausBangladeshTerry WilliamsKyivEllen NikolaysenRådyrMaria MenaFranskHege SchøyenApeSanskritSein juraImathíaPulitzerprisenKirsten Bråten BergThérmiMuhammedOpplettRenée ZellwegerMidtbanespelarNordahl Grieg videregående skoleGauderLourdesFin GnattHotel CaliforniaAnkaraLærdalstunnelenDholFirkantfolketTuaregskjoldetHar SedomGolden HeartLa RochelleKari SvendsenMelhusAurgjeldingDjevelen🡆 More