Lysing i kull og kjønn eller kull-lysing var etter gammal norsk rett eit vilkår for at barn fødde utanfor ekteskap skulle få arverett etter faren på line med barn fødde innanfor ekteskap.
Kull-lysing var omtalt i Kristian 5s Norske Lov 5–2–71 og i Arvelova av 1854, § 5. Kull-lysinga innebar at faren på tinget muntleg eller skriftleg sanna at barnet var sitt. Barn fødde etter 1. januar 1917 har full arverett etter faren utan kull-lysing. For at eit barn fødd utanfor ekteskap skulle få odelsrett etter faren, var lysing i kull og kjønn nødvendig heilt fram til odelslova av 28. juni 1974. Også etter at denne lova var vedteken, måtte barn som var fødde utanfor ekteskap før 1917, som ein overgangsregel lysast i kull og kjønn for å få full arverett etter faren. Desse overgangsreglane vart oppheva i 2009, men kan enno få verknad for saker som gjeld eigarskifte føretatt før 1. juli 2009.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lysing i kull og kjønn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.