Luo

Luo (Dholuo, uttalt ) er eit nilosaharisk språk som talast av 4 410 000 av luofolket i Kenya og Tanzania som bur ved østkysten av Victoriasjøen og område sør for dette.

Språket vert brukt i sendingar på KBC (Kenya Broadcasting Corporation, tidlegare Voice of Kenya) og Radio Ramogi. Luo er i nær slekt med lango, acholi og adhola som alle blir tala i Uganda, og i fjernare slekt med luwo som blir tala i Sør-Sudan.

Luo
Dholuo
Klassifisering Nilosaharisk
 Austsudansk
  Nilotisk
   Vestlige
    Luo
     Sørlig
      Luo-Acholi
       Luo
Bruk
Tala i Kenya, Tanzania
Luotalande i alt 4 410 000
Språkkodar
ISO 639-2 luo
ISO 639-3 luo

Fonologi

Luo er eit tonespråk. Det har både leksikalsk tone og grammatisk tone, t.d. i danninga av passive verb. Det har vokalharmoni etter ATR-status: vokalar i ikkje-samansette ord må vera anten [+ATR] eller [−ATR]. ATR-harmonien gjeld òg halvvokalane //w, y/, y/. Vokallengda er kontrastiv.

Vokalar

Luo har to sett av vokalar som skil seg frå kvarandre med trekket [+/−ATR] ("advanced tongue root", dvs. at [+/-ATR] viser til to ulike uttalemåtar av same vokal).

Fremre Midtre Bakre
Nesten-trong ɪ ʊ
Sentral ɛ ɔ
Open ɐ
Fremre Midtre Bakre
Trong i u
Sentral e o
Open a

Konsonantar

I tabellen nedanfor står ortografiske symbol i parentes om dei er ulike frå IPA-symbola. Merk spesielt at brukast for IPA [ɪ], noko som er vanleg i afrikanske ortografiar. og er plosivar og ikkje frikativar som i swahili.

Labialar Dentalar Alveolarar Palatalar Velarar Glottaler
Nasalar m n ɲ (ny) ŋ (ng')
Plosivar prenasalisert mb (mb) nd (nd) ɲɟ (nj) ŋg (ng)
ustemt p (th) t c (ch) k
røysta b (dh) d ɟ (j) g
Frikativar f s h
Trillar ɲ
Approksimanter w l ɪ (y)

Grammatikk

Luo er kjend for kompliserte fonologiske vekslinger, som blant anna brukast for å skilje uomsettelege eigetilhøve frå omsettelege. Dette første dømet er ein omsettelig eigedom, sidan beina ikkje er del av hunden:

    chogo guok
    bein hund
    «beinet til hunden» (som han et)

Følgjande er likevel ein uomsettelig besittelse, sidan beinet i dette dømet er ein del av kua:

    chok dhiang'
    bein (status constructus) ku
    «eit kubein» (beinet til kua)

Kjelder

    Referansar
    Bibliografi
  • D. Okoth Okombo (1997). A Functional Grammar of Dholuo. Köln: Rüdiger Köppe Verlag.
  • A.N. Tucker (1994). A Grammar of Kenya Luo (Dholuo). Köln: Rüdiger Köppe Verlag.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Luo FonologiLuo GrammatikkLuo KjelderLuo BakgrunnsstoffLuoKenyaNilosahariske språkSør-SudanTanzaniaUgandaVictoriasjøen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den julianske kalenderenDag-Eilev FagermoSjeherasadNapoléon BonaparteRockLangfredagsfjæreOrrfuglVatikanstatenBouvetøyaWiki CommonsSovjetunionenVeiviserenMexicoHanna BrummenæsBauksittJordbruksrevolusjonenGuillaume av LuxembourgBjarte TjøstheimMS «Berge Stahl»Petter DassBeat CafeOrKnivkjukeGrønlandAEsel71AtomvåpenTradisjonell kinesisk medisinCathinka GuldbergVandrefalkKrøllalfaTorremolinosReligion i EnglandRidderrennet29EddiksyrePlategrenseTidlegare kommunevåpen i NoregJurij KoroljovVerdas land etter flateviddWJapanskHartmanns operasjonJonsokPCorbuEx-utstyrNotbåtRegionGeirr Lystrup19. augustFijiBuddhistiske høgtiderReguleringsventilAntibiotikumCharles III av StorbritanniaCountrySilkeormTacoQueenBirgitte GrimstadFinikeUnni EikesethKitinSvartehavet197712Eva Weel SkramMarit VoldsæterTinghaug i KleppMuslimsk tidsrekning261800-talet🡆 More