Lomé

Lomé er hovudstaden i det vestafrikanske landet Togo.

Byen har 839 000 innbyggarar (2003) og ligg heilt sørvest i Togo ved Guineabukta. Lomé er det administrative, økonomiske og industrielle senteret i Togo.

Lomé
by
Lomé
Land Lomé Togo
Del av Maritime
Areal 90 000 000 km²
Folketal 837 437 (2010)

Lomé
6°07′55″N 1°13′22″E / 6.1319444444444°N 1.2227777777778°E / 6.1319444444444; 1.2227777777778
Wiki Commons: Lomé
Lomé
Opphoping av avfall i sentrum av Lomé

Økonomi

Lomé har sidan 1968 hatt djuphamn, og samstundes vore ei frihandelssone. Frå Lomé vert det skipa ut ei mengd jordbruksprodukt, blant anna fosfat, kaffi, kakaobønner, kopra og palmeolje. Varer frå grannelanda i nord, Mali, Burkina Faso og Niger, samt Ghana i vest, utgjer ein større del av eksporten. Eit oljeraffineri ligg òg i byen.

I Lomé finst Beninuniversitetet, grunnlagt 1965. Hovudflyplassen, Lomé-Tokoin, ligg tett ved byen.

Klima

Lome har to årlege regntider, den fyrste tek til i april og sluttar i juli, den siste regntida varer frå tidleg september til seint i november. Heten er nokså konstant, maksimum middeltemperatur i skuggen er i snitt 30 °C om ettermiddagen, medan minimum middeltemperatur er 23 °C om morgonen.

Klimaet i Lomé er sterkt påverka av havet. Heten er stabil og utan høge toppar, vinden frå havet mildnar effekten av varmen. Årleg nedbørsmengd er 800 mm, langt under det vanlege i kystområda i det øvrige Vest-Afrika.

Historie

Lomé vart grunnlagt på 1700-talet av ewefolk. Han vart i 1897 hovudstad i den tyske kolonien Togoland, mellom 2 og 3000 menneske budde då i byen.

Folketalet steig fort i andre halvparten av det 20. hundreåret. Byen hadde om lag 30 000 innbyggarar i 1950. Ti år seinare, då Togo vann sjølvstende i 1960, hadde folketalet nådd 80 000, i 1970 hadde det auka til 200 000.

Den sterke veksten i byen, har sidan 1970-åra overbelasta samferdslesektoren. Jarnbanen, viktig i for kommunikasjonen mellom forstadene og bykjernen, har forfalle. Aukande arbeidsløyse, innvandring frå landsbygda, samt behovet for grønsaker, førte til framveksten av eit omfattande hagebruk i utkantane av byen.

Studiar av eigedomsmarknaden i byen viser at dei ulike bydelane er ganske heterogene, med overdådige villaer jamsides tarvelege butilhøve. Den sosiale lagdelinga i byen viser såleis ikkje att i eigne bydelar. Mangelfull renovasjon og andre helsefarlege tilhøve pregar livsvilkåra til bybuarane.

Lomékonvensjonen, ein serie avtalar mellom EU og tidlegare europeiske koloniar, er oppkalla etter byen. Den fyrste avtalen vart underskriven i Lomé i 1975, den fjerde og siste i 1990.

Kjelder

Tags:

Lomé ØkonomiLomé KlimaLomé HistorieLomé KjelderLoméGuineabuktaTogo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Arthur RimbaudNynorskRokadeElvdalskKaspihavetMediaWiki1528Tuonela-svanaLeif ØstliVasilij P. RotsjevLe CorbusierMetanolChampions LeagueRundeBenito MussoliniPatrick RoestElsa LystadSanta Cruz de TenerifeMeisefamilienErik FollestadUrfolk i USAKaptein SabeltannNATOVangsgutaneAlderspensjon1318HTMLEarl ScruggsMaskorama (sesong 4)KosmogoniManchester CityHenrik IbsenElvar i FrankrikeDen apostoliske truvedkjenningaNetflixUnicodeArtemisRådyrWikipediaPeter Wessel TordenskjoldScandiumPeter HolmLæringsteorien konstruktivismeOtto JespersenSojuKnut Marius DjupvikLågt blodtrykkKjærleikToompeaISBN2019Gustav StrømsvikGrodagenFri rettshjelpMagnesiumLKeltiske språkOsterøy kommuneUTCDeventerVladimir PutinSverre Magnus av NoregStratovulkanNils GaupBjarne BrøndboLindisfarne klosterMickey RaphaelPannemerke i hinduismenPALOPCecilia Payne-Gaposchkin1. divisjon fotball for menn 1977Filippo InzaghiSjiva🡆 More