Palmefamilien (latin Arecaceae) er ein familie av einfrøblada plantar og er kjenneteikna av ein stamme utan greiner med ei krone av lange blad i ei vifte.
Palmefamilien | |
Palmeskog på Palawan. | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae Bercht. & J.Presl, 1820 |
Palmar veks overalt i tropane og i ei viss mon også i subtropane. Dei kan ha ulike frukter, som bær, nøtt eller steinfrukt, og mange blir nytta av menneske, som daddelpalme, kokospalme og oljepalme. Trevirket og blada kan også brukast til utstyr og byggjemateriale.
Palmefamilien er den einaste familien i palmeordenen Arecales. Han inneheld om lag 2 500 kjende artar fordelt på rundt 190 slekter.
Ei slekt har vore registrert i naturen i Noreg:
Nokre andre av slektene i palmefamilien er:
Sidan oldtida har palmeblad vore nytta som eit teikn på rikdom, siger, ære og triumf.
I jødedommen står palma for fred og rikdom, og kan symbolisera livsens tre i Kabbala. Ei uutsprungen daddelpalmegrein er eit av dei fire slaga under sukkothøgtida.
Innan kristendommen er palmesundag ei viktig påskehøgtid der ein ofte bruker palmeblad eller noko som liknar til gudstenesta. Høgtida er til minne om Jesus sitt inntog i Jerusalem der folk la palmeblad framfor han. Palmeblad er elles blitt nytta av pilegrimar til Jerusalem (sjå etternamnet Palmer) og som helgenattributt (sjå t.d. heilage Agnes).
Elles er palmar rekna som eit symbol på tropane, særleg tropiske øyar og strender. Fleire land og område der det veks palmar har bilde av dei på flagg, segl og liknande, til dømes Guam, Haiti, Saudi-Arabia, Florida og Sør-Carolina.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Palmefamilien, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.