Linus Carl Pauling (28.
februar">28. februar 1901–19. august 1994) var ein amerikansk kvantekjemikar, biokjemikar, forfattar og fredsaktivist. Han gav ut over 1 200 bøker og artiklar, rundt 850 av dei om vitskaplege emne. New Scientist kalla han ein av dei 20 største vitskapsfolka gjennom tidene. I 2000 var han rangert som den 16. viktigaste vitskapsmannen i historia av The scientific 100.
Nobels fredspris
1962
Pauling var ein pionér når det gjaldt å nytta kvantemekanikk innan kjemi, og han mottok Nobelprisen i kjemi for forskinga si på naturen til kjemiske bindingar. Han gav òg viktige bidrag til å bestemma krystall- og proteinstrukturar, og var ein av grunnleggjarane av molekylærbiologi.
Pauling var kjent for vidfemnande kunnskapar innan uorganisk kjemi, organisk kjemi, metallurgi, immunologi, anestesiologi, psykologi, radioaktiv nedbryting og etterverknadene etter kjernefysiske eksplosjonar, i tillegg til kvantemekanikk og molekylærbiologi. Pauling mottok Nobels fredspris i 1962 for kampanjen sin mot atomprøvesprengningar over bakken, og er ein av berre fire personar i historia som individuelt har motteke to nobelprisar. Han er òg ein av berre to som har motteke to prisar i ulike felt (kjemi og fred) – den andre er Marie Curie (kjemi og fysikk) – og den einaste som har motteke to prisar utan å dela med andre.
Seinare i livet vart han ein aktivist for regelmessig inntak av massive dosar med vitamin C, ein praksis som ikkje har fått innpass i medisinsk praksis, men som har vorte sentral innanfor den alternative behandlingsforma ortomolekylær medisin (nærskyldt med kosthaldsmedisin). Han meinte blant anna at vitamin C kunne hjelpa mot forkjøling og at større inntak av vitaminet ville føra til ein livsforlengande effekt, men begge delar har seinare vorte attendevistw.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Linus Pauling, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.