Leif Helge Kongshaug (fødd 31.
juli">31. juli 1949) i Averøy) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1997–2001 og igjen frå 2005 til 2009.
Leif Helge Kongshaug | |||
| |||
Fødd | 31. juli 1949 (74 år) Averøy kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Kongshaug er utdanna lærar. Han sat i Averøy kommunestyre frå 1979 til 1997, 1986 til 1997 som ordførar. I 1997 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Møre og Romsdal. I 2001 mista han stortingsplassen, men vart statssekretær i Landbruksdepartementet i den andre Bondevik-regjeringa.
Under valkampen før stortingsvalet i 2005 vart Kongshaug ramma av ein alvorleg kreftsjukdom. Han vart igjen vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal, men tok ikkje opp plassen sin dei første månadene av stortingsperioden grunna sjukdomen. Gunn Berit Gjerde møtte som vara for han. Kongshaug fekk plass i Næringskomiteen på Stortinget.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leif Helge Kongshaug, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.