Larysa Berezjna (fødd 28.
februar">28. februar 1961) er ein ukrainsk tidlegare lengdehoppar frå Kiev. Ho vann VM-bronsen i øvinga i 1991 som representant for Sovjetunionen og VM-sølvet i 1993 som representant for Ukraina.
Larysa Berezjna | |
Statsborgarskap | Ukraina, Sovjetunionen |
Fødd | 28. februar 1961 (63 år) Kyiv |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Berezjna hoppa i februar 1989 heile 7,20 meter ved eit hallstemne i Homjel i dagens Kviterussland. Ein månad seinare nådde ho 6,82 m og fekk bronsen ved hall-EM i Budapest. I europameisterskapen 1990 i Split hoppa ho 6,93 m og enda på fjerdeplass, ein centimeter bak bronsemedaljøren. Eit halvt år etter vann ho lengdetevlinga i hall-VM 1991 i Sevilla med eit bestehopp på 6,84 m, to cm lengre enn favoritten Heike Drechsler.
Den 25. mai 1991 i spanske Granada presterte med 7,24 meter Berezjna sitt livsbeste. Trass i eit hopp på 7,11 m ved Friidretts-VM 1991 i Tokyo, måtte ho sjå seg klart slått av av Jackie Joyner-Kersee og Heike Drecshler. Vinteren 1992 landa Berezjna på 7,00 m ved hall-VM i Genova og vann ein klar siger. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona sleit ho med skade og gav opp i kvalifiseringa etter eit mislykka hopp. I sitt siste store meisterskap, Friidretts-VM 1993 i Stuttgart, sikra ho seg sølvmedaljen.
Berezjna vart i 1989 sovjetmeister og i 1993 ukrainsk meister i lengdehopp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Larysa Berezjna, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.