Krasimir Gentsjev Balăkov (bulgarsk: Красимир Балъков, fødd 29.
mars">29. mars 1966) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar og seinare trenar. Han spelte på midtbanen hos fleire europeiske klubbar og på det bulgarske landslaget. Av klubbane hans kan nemnast Sporting CP i Portugal, VfB Stuttgart i Tyskland. Han er rekna som ein av dei beste spelarane for landet sitt nokonsinne, saman med Khristo Stoitsjkov.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Krasimir Guentsjev Balăkov | ||
Fødd | 29. mars 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Veliko Tărnovo i Bulgaria | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Offensiv midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1982–1990 1991–1996 1996–2003 2005 | Etar Veliko Tărnovo Sporting Stuttgart VFC Pleven | 142 (35) 138 (42) 236 (54) 1 (0) | |
Landslag | |||
1988–2003 | Bulgaria | 92 (16) | |
Trenar for | |||
2003–2005 | Stuttgart (assistent) | ||
2005 | VFC Pleven (spelar-trenar) | ||
2006–2007 | Grasshopper | ||
2007–2008 | St. Gallen | ||
2010–2012 | PFC Tsjonoromets Burgas | ||
– | Hajduk Split | ||
2012 | Kaiserslautern | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Balăkov spelte i åra frå 1986 til 2003 heile 92 kampar for det bulgarske landslaget, og skåra 16 mål. Han deltok mellom anna for landet i VM i 1994 og VM i 1998. I fyrstnemnte turnering var han med om å føre laget til ein imponerande fjerdeplass, etter å mellom anna ha slått den regjerande verdsmeisteren Tyskland i kvartfinalen. Dessutan var han òg med i den bulgarske troppen i EM i 1996.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krasimir Balăkov, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.