Kragebein

Kragebeinet (latin: clavicula – «nøkkelbein») ein ein S-forma knokkel i det menneskelege skjelettet.

Det går frå brystbeinshandtaket, manubrium sterni, og lateralt og noko oppover rett mot skulderhøgda, acromion. Kragebeinet er den ventrale knokkelen i skuldra, og saman med skulderbladet og brystbeinet så dannar det skulderbogen, cingulum extremitas superioris.

Kragebein
Skulderbogen med skulderbladet, kragebeinet og brystbeinet. Ribbeina er festa til brystbeinet, og festa til skulderbladet er òg overarmsbeinet.

Kragebeinet er det einaste av røyrknoklane som viser ei annan form for forbeining. Medan nesten alle røyrknoklane blir til bein frå ein bruskmodell som igjen vart danna av bindevevsmesenkym, såkalla endokondral forbeining, så blir kragebeinet delvis òg gjort om til bein beint fram utan å vere innom bruskstadiet, såkalla intramembranøs forbeining. Den laterale og mediale delen av knokkelen blir rett nok danna av endokondral forbeining, men den midtre delen blir danna via intramembranøs forbeining.

Beinet ligg rett under huda, og derfor kan ein lett sjå det hos personar med lite underhudsfeitt. Namnet clavicula som på latin tyder «veslenøkkelen», kjem av at knokkelen roterer kring aksen sin når ein abduserer om lag som ein vanleg nøkkel.

Kjelder

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Kragebein  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Kragebein

Tags:

BrystbeinKnokkelLatinMenneskeSkjelettSkulderSkulderbladSkulderbogeSkulderhøgda

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FaggotVår Staude.32 ACPKalkulusLeedsBuTustnaJesusBlåmannMS «Framstig»ViotíaNorsk folkedansRegjeringa Stoltenberg IINiels Christensen GjelstadHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorNynorskPeter GabrielKolDet norske flaggetHotel Union ØyeKvartalRasPaxíPannemerke i hinduismenSkalSovjetunionenAlexandra GjerpenHalo i meteorologiMaud av NoregElon MuskKými-AlivériYosef Wolde-MariamLondonMilanoMogopTimo VornanenPetter DassWienTeknologiVladimir PutinValutaDigital rettsadministrasjonLaraØVåttemperaturSmørdeigByar i HellasAbdusamet YigitDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenKristopher SchauFinsk fonologiSmokieIsi-ColaPollachiusLionel MessiPuddelrockBlåbærHarald EiaArian EngebøDen kalde krigenCubaSverigeFeltleirar i AntarktisKelly ClarksonCornelis VreeswijkBlåsjøHarju maakondChristianiaTsjekkiaGösta Adrian-NilssonRundeskattenHindugudarDübendorf🡆 More