Knut Olsen (26.
juli">26. juli 1953–11. januar 2011) var ein norsk journalist og NRK-programleiar frå Hosle i Bærum kommune. Han er mest kjend som NRK-programleiar i Redaksjon 21, Brød og Sirkus og Dagsrevyen.
Knut Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. juli 1953 Bærum kommune |
Død | 11. januar 2011 (57 år) |
Yrke | journalist, programleiar, industriarbeider |
Språk | norsk |
Knut Olsen på Commons |
Olsen starta karrieren sin i avisa Nordlands Framtid og som frilansar i Klassekampen i 1980. Etter to år på medielinja til Høgskulen i Volda, debuterte han for NRK i 1983, fyrst som radioreporter for NRK Østfold, deretter i NRK Østlandssendingen og Oslo-redaksjonen i NRK P2.
I 1990 starta han på fjernsyn i debattprogrammet Antenne Ti. I 1992 vart han reporter i Dagsrevyen, der han heldt fram til han døydde. I tida i Dagsrevyen vann han m.a. Gullruten for ein reportasje om krigen i Bosnia. Han jobba også som sportsreporter med Claus Wiese under Vinter-OL 1994 på Lillehammer og Vinter-OL 1998 i Nagano.
Elles i NRK har Olsen vore programleiar for Redaksjon 21 og Brød og Sirkus. Dei siste åra av livet sitt var han programleiar for Dagsrevyen saman med Nina Owing. Hausten 2010 vart han sjukemeld, og døydde etter kort tids kreftsjukdom i januar 2011.
Knut Olsen var gift og hadde fem born. Broren hans, Øystein Olsen er noverande sjef for Norges Bank.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Knut Olsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.