Kjetil Bjørlo (fødd 27.
mars">27. mars 1968) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Halden. I over ti år fram til 2001 tevla han på høgste nivå. Individuelt vann han VM-bronse i 1997 og sølv i nordisk meisterskap 1999, han sikra seg to NM-gull attåt.
Kjetil Bjørlo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mars 1968 (56 år) |
Idrett | orientering |
Bjørlo var med i dei norske stafett-laga som kom på andreplass i den nordiske meisterskapen i åra 1992, 1995 og 1997. Under orienterings-VM 1997 ved Grimstad tok han bronsemedaljen på klassisk-distansen, einast Petter Thoresen og svenske Jörgen Mårtensson orienterte betre. I den same meisterskapen vann han også bronse i stafett, saman med Håvard Tveite, Bjørnar Valstad og Petter Thoresen. To år seinare kneip Bjørlo sølvmedaljen på kort-distansen ved Nordisk meisterskap i orientering 1999 i Malvik.
Bjørlo vart norsk meister i kort løype i 1997 og på langdistanse i 1999.
Halden Skiklubb, med Bjørlo i mannskapet, sigra i den store orienteringsstafetten Jukola i 1989, 1998 og 2000. Han var også med på å vinne Tiomila åra 1998–2000 og 2002–04 for Halden SK.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kjetil Bjørlo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.