Ketchikan

Ketchikan er ein mindre by (city) på Revillagigedo-øya i Alexanderarkipelet sør i den amerikanske delstaten Alaska.

Han er den femte folkerikaste byen i Alaska med rundt 8 000 innbygjarar (2010). Med kringliggjande forstader, særleg nord og sør for byen langs Tongass Highway som ofte blir rekna som tilhøyrande byen men også mindre busetjingar ein berre når med vasstransport, hadde staden eit folketal på 13 477 ved folketeljinga i 2010.

Ketchikan
by
Ketchikan
Land Ketchikan USA
Stat Alaska
Fylke Ketchikan Gateway Borough
Areal 15,3 km²
Folketal 8 050  (2010)

Ketchikan
55°20′35″N 131°38′48″W / 55.343083333333°N 131.64669444444°W / 55.343083333333; -131.64669444444
Wiki Commons: Ketchikan, Alaska

Ketchikan blei skipa som by den 25. august 1900, og er dermed den eldste eksisterande byen (incorporated city) i Alaska. Andre stader har samanslåingar endra tilsvarande styresmakter. Byen ligg i Ketchikan Gateway Borough og har eit areal på 10,7 km².

Ketchikan
Gammalt fargelagt postkort av «tlingithovding Kian sin totempåle» i Ketchikan.

Namnet «Ketchikan» kjem frå Ketchikan Creek, ei elv som renn gjennom byen til Tongass Narrows like søraust for sentrum. «Ketchikan» kjem frå tlingitnamnet på elva, Kitschk-hin, som har uklar tyding. Namnet kan tyda 'elva til Kitschk' eller 'dei tordnande vengjeslaga til ei ørn'. På moderne tlingit blir namnet skrive Kichx̱áan. Ketchikan Creek var ein sommarfiskeplass for tlingitfolk i fleirfaldige år før byen blei skipa her. Den første vestlege busetnaden blei grunnlagd av Mike Martin i 1885. Området nær munningen av Ketchikan Creek gav Ketchikan eit visst rykte i første halvdelen av 1900-talet med bordell på begge sider av elva i eit område kjend som Creek Street.

Eit av dei to postnummera til Ketchikan, 99950, skal vera det høgaste i bruk i USA.

Ketchikan har verdas største samling av reiste totempålar, som ein finn spreidde ut over heile byen og på fire hovudstader: Saxman Totem Park, Totem Bight State Park, Potlatch Park og Totem Heritage Center. Dei fleste totempålane i Saxman Totem Park og Totem Bight State Park er attutskjeringar av eldre pålar, eit arbeid som byrja under Roosevelt-administrasjonen sitt Civilian Conservation Corps. Totem Heritage Center stiller ut 1800-talet totempålar frå fråflytta landsbyar nær Ketchikan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Ketchikan  Commons har multimedium som gjeld: Ketchikan
Ketchikan  Reiseguide for Ketchikan frå Wikivoyage

Tags:

AlaskaAlexanderarkipeletUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NoregSamleieWright-brørneMatriarkAngolaHjuldyrCate BlanchettMeter per sekundSolan GundersenIKEAGeijerElvis PresleyFranklin D. RooseveltLufttrykkPN-overgangMilanoSvalSatDamplokomotivSkytjeAnne Lise GjøstølKleopatraAndEmma WatsonHypoteseMakrakómiDomenetapCarl XVI Gustaf av SverigeSothøne2020FenresulvenBjørnstjerne BjørnsonBulgariaNordmennLimequatAndre verdskrigenFin GnattPlaneten MarsHøgnorskFthiótidaBetasuppeIvar AasenKorrespondentNorges herligsteTom HagenJournalistikkKolonialhandelHarald V av NoregQurayyat i OmanGrevinnen og hovmesterenKrøllparentesDílesiDet norske alfabetetTokyoLondonFuruInófytaGlukoseNatriumOrDieze2002ThemsenUrfolkRingdrottenGnuSamisk musikkBlåmannMette-Marit av NoregJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughIngrid Alexandra av NoregRundeRusslandMedinaDet norske husAsbjørnsen og MoeRomandie🡆 More