Kaupang

Kaupang er eit norrønt ord for handelsstad.

Ordet har i eldre tider vorte nytta om stader eller byar der det går føre seg verksemd knytt til handel, og har fleire stader rett og slett vorte eit stadnamn.

Det finst fleire stader i Noreg som kunne verta kalla Kaupang. Kaupang i Tjølling, Kaupanger i Sogn, Koppang i Østerdalen, Kaupangen i Trøndheimen, Borgundkaupangen på Sunnmøre og Hamarkaupangen.

Ordet tilsvarar det svenske ordet «köping». Jamfør òg kaupunkifinsk, som tyder by.

Historiske kaupangar

Kaupang i Skiringssal i Vestfold fylke er rekna som den eldste bydanninga i Noreg frå kring 800. Ikkje langt frå byen, på ei forhøgning i landskapet på Huseby, vart det under dei arkeologiske utgravningane avdekt restane av ein gildehall. Arkeologane meiner at dette var den sagnomsuste Skiringssal, bygd av dei første Ynglingekongane som kom frå Sverige til Noreg. Gildehallen er konstruert på same måte som i Uppsala-området, og er den einaste i sitt slag som er funne i Noreg. Kaupang-byen vart bygd opp i vikingtida og låg ikkje langt frå Gokstad sør i fylket. Ved Gokstad fann ein på 1800-talet Gokstadskipet i ein gravhaug.

Andre tilsvarande byar i Norden var Birka (kring 750) i Mälaren og Köping (Kaupang) på Öland (kring 700) i Sverige, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.

Eit sams drag ved byane var at dei låg godt plassert i høve til transport. Byane låg gjerne ved ei elv, med tilgjenge til ei god hamn ut mot havet.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Tags:

ByHandelNorrønt språkStadnamn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Oscar WergelandSomalilandJordskokkEmilie Enger MehlDalarnaInuittisk kulturKjøttmeisHar SedomHangöSilje NordnesÅlesundBuskerud fylkeTom Waits-løpetTrichoplax adhaerensRing of FireNasjonaldyrSvanesjøenSteinFader vårNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1979Ingvild BrynKatrine MoholtPilkWiki CommonsKrysantemumNasjonalrettJoseph Haydn1. divisjon fotball for menn 1967EuropaRingdrottenTokyoHeberty Fernandes de AndradeReisekisteDet norske herrelandslaget i fotballSjøroseAlexander KiellandKristopher SchauSandra Andersen EiraKapitalHeiloRadioheadKubeHenrik ElvestadRichard TandyStorbritanniaKaffisurrogatKaptein SabeltannSolaYoungs modulEngelskPopkunstSiddisMeghalayaUTCDet norske statsflaggetNáxos og dei små KykladanePjotr TsjajkovskijLeitch Massif5. divisjon fotball for herrarTrondheim kommuneHalloGirringun nasjonalparkEli RyggEero MäntyrantaDet polske flaggetStore norske leksikonFranskROBEKPilaffInnsjøar i SverigeElektrisk motstandDen muslimske verdaPanteonNassau på BahamasBagdadAlf PrøysenSommar-OL 1968🡆 More