Slesvig (tysk Schleswig) eller Sønderjylland er ei dansk nemning på området mellom elvane Ejderen (tysk Eider) i sør og Kongeå i nord i grenseområdet mellom Tyskland og Danmark.
Området Slesvig kan i Danmark òg verta kalla Sønderjylland. Området utgjorde fram til 1864 hertugdømet Slesvig, der byen Slesvig (tysk Schleswig) var hovudstad. I 1864 vart området lagt inn under Preussen, og frå 1871 Tyskland. I 1920 vart det avgjort ved ei folkerøysting at Nordslesvig (tysk Nordschleswig) skulle verta del av Danmark, medan Sør-Slesvig (dansk Sydslesvig, tysk Südschleswig), skulle vera del av Tyskland. Sør-Slesvig vart ein del av den tyske delstaten Schleswig-Holstein (dansk Slesvig-Holsten).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slesvig, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.