Katjusja (russisk: Катюша, Katjusja) òg kjend som stalinorgel, var eit sovjetisk rakettutskytingssystem teke i bruk av Sovjetunionen i andre verdskrigen.
Det var tyske soldatar som gav våpensystemet tilnamnet «stalinorgel» etter den sovjetiske diktatoren Josef Stalin og med klår tilvising til lyden frå Rakettane til stalinorgelet. Russarane på sin side oppkalla det etter ein velkjend song.
Samanlikna med konvensjonelt artilleri var dette rakettsystemet i stand til å levera store mengder eksplosiv i løpet av kort tid. Trefftryggleiken var lågare og det tok lengre tid å lada om att ein katusja enn tilfellet var for vanleg artilleri. I tilhøve til kanonar var systemet forholdsvis billeg og enkelt å produsera. Takka vere sin mobilitet kunne systemet raskt flyttast frå staden det hadde skote frå før det kunne leggjast under eld av artilleriet til fienden.
Katusja var det første sjølvdrivne artilleriet produsert av Sovjetunionen og det var som regel plassert på lastebilar, men i løpet av krigen vart systemet òg montert på artilleritraktorar, stridsvogner, pansra tog, marinefartøy og elvebåtar.
Systemet var relativt enkelt; rakettane vart montert på parallelle stålskinne (frå 14 til 48 stk.) som igjen sett på ei stålramme som kunne hevast og senkåst. M-13-raketten brukt på BM-13-systemet var 132 mm i diameter og 180 cm lang. Raketten vog 42 kg. Den vart driven av ein drivladning av nitrocellulose plassert i ein rakettmotor av stål med ein ståldyse i botnen. Raketten hadde fire styrefinnar. Stridhovudet vog rundt 22 kg. Skotvidda var rundt 5,4 km. Det vart etter kvart utvikla rakettar med diameter på 82 mm og 310 mm.
Sjølv om våpensystemet mangla trefftryggleiken til konvensjonelt artilleri var det ekstremt effektivt i teppebombing av eit område. Eit batteri med fire BM-13 rakettkastarar kunne i løpet av 7-10 sekund skyta ei salve som leverte drygt 4,3 tonn høyeksplosiver over eit areal på fire hektar (40 000m²).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Katjusja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.