Kalkmåleri er måleri utført på ein mur som er pussa med kalkmørtel.
Måleriet kan vere påført ein kvitkalka tørr mur, og då er måleriet utført i ein secco-teknikk. Det kan òg vere påført medan murpussen framleis er våt, og blir då kalla freskomåleri. Freskomåleri vart mykje nytta i bygningar i Romarriket, som til dømes funna i Pompeii i Italia syner, og i kyrkjer og andre bygningar i mellomalderen, mellom anna i nordiske steinkyrkjer.
Freskomåleri kan halda seg i hundrevis av år under dei rette tilhøva. Arkeologiske funn syner at dette er ein sers gamal metode for dekorasjon av veggar og murar.
Litteratur
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kalkmåleri, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.